nyhende

Einride Aakra er med godt mot og no inne i sin 71. sesong med lemming. Foto: RENATE SÆVAREID/Grannar
Einride Aakra er med godt mot og no inne i sin 71. sesong med lemming.

89 år og midt i lemminga

I 71 år har Einride Aakra (89) vore med på lemming heime på garden på Frette i Etne. Med kort veg til fjøset og lang erfaring, bidreg han framleis aktivt kvar vår – saman med barna sine.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Einride Aakra frå Etne, 89 år gammal, er no med i sin 71. sesong med lemming. I år, som alle andre år, bidreg han godt på garden på Frette, som foreldra hans kjøpte i 1954. No er det dottera hans, Kari Aakra, som eig garden, medan sonen Sjur Aakra paktar han. Garden ligg vakkert til inst i Stordalen, omgjeven av idylliske landskap. På garden står to hus og eit fjøs, og etter at Einride blei enkemann, flytta han inn i leilegheita dei har innreidd i same bygning som fjøset. Der trivst han godt, og han har kort veg ned til sauene.

To gardar

Einride og kona Dorthea har kanskje ikkje levd livet som folk flest. Dei var gifte i 54 år, men budde stort sett kvar for seg. Dorthea vaks opp på Moe i Etne, der ho var med mor si og dreiv garden i mange år etter at far hennar døydde tidleg. Etter kvart overtok sonen Sjur garden, men Dorthea heldt fram med å hjelpa til. Einride overtok garden på Frette etter foreldra sine og dreiv han fram til barna tok over, men både han og Dorthea drog òg mykje att og fram mellom gardane.

God fødselshjelpar

Faren hans hadde ord på seg for å vera ein god fødselshjelpar under lemming, og folk i bygda ringde til han dersom dei ikkje klarte å hjelpa sauene under fødsel. Ifølgje dottera Borghild Aakra kan det sjå ut som Einride har lært mykje av far sin.

— Me ringer til pappa når me ikkje får ut lamma. Han veit kva som trengst, og dreg dei ut, seier Borghild.

Alle dei fire barna til Einride og Dorthea Moe Aakra, som døydde for to år sidan, har alltid vore med i gardsarbeid og lemming, og kan trø til om det trengst. Den eine dottera bur i Ski, medan dei andre bur nærare og kan naturlegvis hjelpa meir.

— Dei er kapable til å trø til og heilt topp fødselshjelparar, alle fire barna våre, seier Aakra.

Travelt og lite søvn

Aakra synest lemming er ei travel tid, med høge skuldre og lite søvn. Han er like god hjelp på garden som resten av familien. Gjennom året fôrar han sauene, og under lemminga bidreg han mykje. Når han vaknar om nettene, tek han seg ein tur ut i fjøset for å sjå til sauene og bidreg når det trengst. Han synest det er tungt når ting ikkje går som det skal.

— Om lam døyr, er det ikkje noko kjekt. Eg blir litt deppa den dagen. Spesielt om det skjer utan at me var der og kunne hjelpt til så det kanskje kunne ha overlevd, seier han.

Dottera hans, Borghild, bur i Haugesund, men er òg mykje på heimgarden både på Moe og Frette. No hjelper ho til med lemminga.

— Det er tungt arbeid. Det er mykje muskelarbeid med bøy og tøy. Det er fysisk arbeid å driva med lemming, seier ho.

Sjur Aakra, som driv garden, set stor pris på hjelpa han får frå både far sin og søstrene sine.

— Eg hadde aldri klart å drive slik som eg gjer utan hjelpa eg får frå pappa og søstrene mine. Dei har vore heilt avgjerande, seier Sjur Aakra.

Powered by Labrador CMS