nyhende

13.427 lærlingar og 375 lærekandidatar har svart på lærlingundersøkinga for 2021. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
13.427 lærlingar og 375 lærekandidatar har svart på lærlingundersøkinga for 2021.

85 prosent av lærlingane trivst på arbeidsplassen

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Eit klart fleirtal av lærlingane seier dei er motiverte for å lære og trivast på arbeidsplassen. Delen som seier dei har opplevd mobbing, går òg noko ned.

Hovudfunna i årets lærlingundersøking frå Utdanningsdirektoratet er i all hovudsak positive.

92 prosent seier dei er motiverte for å lære på arbeidsplassen, 85 prosent seier dei trivst på arbeidsplassen, 77 prosent er fornøgde med val av fag, 84 prosent har hatt praksis, og delen som har vorte mobba, er nede på 3,6 prosent.

Sistnemnde tal er ein svak nedgang frå året før. Av dei som oppgir at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare, svarer 60 prosent at dei har fortalt det til nokon i bedrifta. Berre 34 prosent svarer likevel at det vart gjort noko for å få slutt på mobbinga.

Undersøkinga viser at ein del av lærlingbedriftene har litt å gå på når det gjeld planlegging og vurdering av lærlingane. Berre 67 prosent svarer ja eller «ja, til dels» på spørsmål om bedrifta har laga ein plan for kva dei skal lære.

71 prosent svarer at dei har hatt ei helårsvurdering med ein i bedrifta eller opplæringskontoret, der dei går gjennom kva dei har lært og kva dei skal lære framover. Nærare 20 prosent svarar at dei har samtalar, men ikkje kvart halvår.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS