nyhende

85 år gamal rododendron vekkjer oppsikt

På ein fritidseigedom på Vikse har ein rododendron skikkeleg breia seg, no er den større enn hytta!

Publisert Sist oppdatert

Det var bebuarar på andre sidan av Viksefjorden som tipsa Vestavind om den digre rododendronen, og sjølvsagt måtte me sjekka det ut. Kunne den verkeleg vera så stor?

– 43 meter i omkrins, konstaterer Henrik Winsnes etter å ha skritta rundt heile busken. Og for skikkeleg og overtyda, tek han ein ekstrarunde for å sjekka at det stemmer, noko det gjer.

Favorittplass i generasjonar

Ifølgje ekteparet Torill og Henrik Winsnes brukar dei hytta på Vikse så ofte dei kan, plassen er rett og slett drøymeplassen.

Torill fortel at det var besteforeldra hennar, Ingrid og Helmer Mikkelsen frå Haugesund, som kjøpte tomt og bygde hytte her før krigen. Rododendronbusken kom i jorda for 85 år sidan, det kan tanta hennar, Marit Næsbakken (88), busett i Lillestrøm, bekrefta på telefonen.

Tante Marit kjem også med ei anna melding: «– De må helsa og sei at eg elskar plassen!»

Kjemperododendron på Vikse er omlag 45 meter i omkrins.

– Ja, det knyter seg mange minner til hytta og plassen, bekrefta Torill. I oppveksten var ho og søskena kvar einaste sommar hos besteforeldra sine på Vikse, og her samlast også og søskenbarna deira.

– Sjølve hytta er ikkje stor, har verken elektrisk straum eller innlagt vatn, den gongen som no, men plass er det alltid, fortel Torill Winsnes.

– God gammaldags sommaridyll på Vikse, akkurat som i barndomen då me har her heile sommaren, fortel Torill Winsnes. Her saman med ektefelle Henrik.
Powered by Labrador CMS