nyhende
83,3 millionar mellom dyraste og billigaste tilbod
Tre firma har kome med tilbod på drift og vedlikehald av fylkesvegane i kommunane Sveio, Bømlo, Fitjar og Stord.
Oppgåvene omfattar også gang- og sykkelvegar og sidevegar i kommunane. Kontrakten gjeld frå 1. september 2024 til 31. august 2029, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Dette er tilboda:
- Sigurd M Søvik: 305.662.416 millionar kroner
- Presis Vegdrift AS: 253.772.943 millionar kroner
- Mesta AS: 222.342.760 millionar kroner
Mesta AS har dei siste fem åra hatt ansvaret for drifts- og vedlikehaldet i dei nemnde kommunane. Mesta har også levert det lågaste tilbodet denne gongen.
Annonse
– No startar arbeidet med å evaluera og kontrollrekna tilboda, står det i pressemeldinga.