nyhende

800 nye og framande farar

Lista over framande artar i norsk natur var lang frå før, og inneheldt både pukkellaks og hamnespy. Men no er heller ikkje hageblåbær, husspissmus og prydbringebær velkomne.

Publisert Sist oppdatert

– Ein framandart er planter eller dyr som er spreidd av menneske utanfor sitt naturlege utbreiingsområde. Det betyr at artar som spreier seg til Noreg på eiga hand, ikkje er rekna som framandartar. Framande artar er anten bevisst importerte til Noreg, eller har kome hit som blindpassasjer, til dømes på båtskrog eller i ballastvatn, sa Olga Hilmo, då den nye Framandartlista vart presentert av Artsdatabanken tidlegare denne månaden.

Olga Hilmo er seniorrådgjevar i Artsdatabanken og har vore prosjektleiar for den nye Framandartlista.

Hilmo har vore prosjektleiar for den nye og reviderte lista, der eit femtitals fagfolk har gjort risikovurderingar av 2342 framande artar og vist korleis dei kan påverke naturmangfaldet vårt. Ho understrekar at lista er ei verdinøytral kunnskapssamanstilling om framande artar med vekt på kva slags risiko dei medfører for naturen vår. Heile 40 prosent av artane som vart vurdert i 2018 har i år hamna i ein meir alvorleg kategori enn sist. Samla finst det fem kategoriar; svært høg risiko; høg risiko; potensielt høg risiko; låg risiko eller ingen kjent risiko.

231 av artane er no vurderte til å utgjere svært høg risiko for norsk natur, fordi dei skårar høgt på både invasjonspotensial og økologisk effekt. I tillegg har vi 210 artar i kategorien høg risiko. Av 206 planteartar som er vurderte å utgjere høg risiko eller svært høg risiko, er rundt 85 prosent hageplantar. Her snakkar me alt frå rynkerose og blankmispel til hageblåbær, parkslirekne og honningknoppurt.

Eit viktig verktøy

Framandartslista er ikkje berre ei nei-liste eller ein skammekrok, men eit verktøy som gjer at dei som brukar framandartar kan orientere seg og ta informerte val, seier Bjarte Rambjør Heide, som er direktør for Artsdatabanken.

Direktør for Artsdatabanken, Bjarte Rambjør Heide, sa at kunnskapen om dei framande artane er viktig både for å kunne utnytte dei positive eigenskapane til dei framande artane, og ikkje minst for å minimere skadane dei kan påføre naturen.

Lista er slik sett ikkje berre ei nei-liste eller ein skammekrok, men eit verktøy som gjer at dei som brukar framandartar kan orientere seg og ta informerte val, slik som til dømes arkitektar som nyttar planter på fasadar til offentlege bygg. Rambjør Heide understreka likevel at framandartar globalt er rekna som ein av dei fem største trugslane mot naturmangfaldet av FNs naturpanel.

Han trekte også fram at talet på såkalla dørstokkartar er betydeleg høgare no enn i 2018. Årets liste inneheldt 800 fleire dørstokkartar enn sist gong:

– Dørstokkartane er artar som ikkje reproduserer sjølvstendig i Noreg enno, men som vi er budde på at vil gjere det innan femti år. I år er 1134 dørstokkartar risikovurderte. Det er nesten ei tredobling frå den førre lista. Med eit varmare klima er det venta at stadig fleire av dørstokkartane vil verte i stand til å reprodusere utandørs og på sikt etablere seg i Noreg, sa Rambjør Heide.

Musling og mus

Ifølgje Olga Hilmo er 598 av dørstokkartane framleis i utlandet, medan 488 av dei alt er i Noreg; anten innandørs, eller utandørs både i og utanfor vill natur. Ingen av dei reproduserer altså sjølvstendig utandørs enno. 42 av artane som vart rekna som dørstokkartar i 2018, er no på god veg til å bli etablert og sjølvstendig reproduserande i naturen.

Den mest kjende av dei er kanskje japansk sjøpung, også kalla hamnespy, som dei siste åra har fått mykje merksemd i media. Andre eksempel er algen djevletunge og muslingen Rangia cuneata.

I tillegg inneheld den nye framandartslista fleire av det som tidlegare vart kalla tradisjonelle produksjonsartar, slik som graslauk, prydbringebær og hageeple. Det er også funne nye framande artar sidan sist som allereie er etablert i naturen, deriblant husspissmusa (Crocidura russula) som vart oppdaga på Jæren for nokre år sidan.

Fakta må ha makta

Då klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk overrekt den nye Framandartslista, sa han at han håpte lista vil skape større medvit blant dei som ikkje jobbar med framande artar til dagleg.

– Den einaste motkrafta solid, dokumenterbar og vitskapleg kunnskap, sa Espen Barth Eide då han fekk overrekt den nye Framandartslista.

Han roste også metodikken til Artsdatabanken for risikovurdering av framande artar, som det no er vist internasjonal interesse for. Barth Eide minna også om at det å avgrense naturtap og ta vare på naturen krev ein kollektiv innsats. Samstundes kan vi ikkje nøye oss med å løyse eitt problem om gongen, men må sjå på dei andre måla samstundes, sa klima- og miljøministeren, og nytta det å kome pukkellaksen til livs som døme:

– Det har ikkje vore mangel på dei som meiner dei er ekspertar på pukkellaksbekjemping. Då er den einaste motkrafta solid, dokumenterbar og vitskapleg kunnskap på kva for samanhengar som finst og å teste om metodane ein brukar har tilsikta konsekvens, sa Barth Eide.

– Etter at me starta krigen mot pukkellaksen, har vi lukkast med å ta ut 226.000 pukkellaks. Det viser at det går å ha to tankar i hovudet samstundes; å ta vare på den atlantiske villaksen, og å fjerne den framande pukkellaksen.

Powered by Labrador CMS