nyhende

8 av 49 plakettmottakarar var frå 4H i Sveio

Heile 100 deltakarar var med på 4H Hordaland sin plakettfest i helga. Deriblant medlemmer i 4H frå Lid og Sisu i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

36 av årets 49 plakettmottakarar deltok på festen. I tillegg kom pårørande, venner,  familie og andre gjester. Noko som førte til at Kløvertun på Os var fylt opp med 100 festdeltakarar.

Plakettfesten starta med tale av plakettmottakar Agathe Ølvestveit, Lauvsprett i 4H frå Kvinnherad. Ordførar i Osterøy kommune, Lars Fjeldstad, sto for tale og plakettutdeling. Tale heldt også 4H-mor Jofrid Valen frå Sisu 4H.

Etter middag og kaker gratulerte fylkesstyreleiar Vilde Sylta Kvamme plakettmottakarane med vel gjennomført 4H-løp, og alumnleiar Steffen Stråtveit ønskte  dei hjarteleg velkomne til alumnklubben H.A.N.S.A. som er ein klubb for 4H-arar over 18 år.

Powered by Labrador CMS