nyhende
7910 gonger vart sveibuar testa for korona ved denne stasjonen
Normaliseringa av kvardagen etter to års pandemi har allereie pågått ei stund. Den 1. mai vart òg koronatestsenteret for Sveio, Tysvær og Bokn lagt ned.
Tala tilseier at 7910 PCR-testar er registrerte for Sveio kommune ved teststasjonen i Aksdal i laupet av heile pandemien. Det er mogleg at tala hadde vore endå høgare dersom sjølvtesting aldri var eit alternativ.
Dei registrerte PCR-testane for Sveio er fordelte som følgjer:
- 2022 testar i 2020
- 4686 testar i 2021
- 1202 testar i 2022
Den lokale teststasjonen, som har halde til i Aksdal, vart lagd ned den 1. mai. Dét melder Sveio kommune på heimesidene sine.
Vaksinasjonsgraden er høg, både lokalt og nasjonalt, og mange har allereie vore gjennom sjukdomen.
I tillegg dreiar den nasjonale målsettinga seg om at ein skal kunna leva med eit koronavirus på frifot – utan at inngripande smitteverntiltak vert sette til verks.
På denne bakgrunnen vert det ikkje lenger vurdert som naudsynt å avgrensa smitte gjennom andre tilrådingar enn at ein held seg heime dersom ein kjenner seg sjuk, melder kommunen.
Den generelle tilrådinga om testing for covid-19 gjeld heller ikkje lenger.
I ein overgangsperiode vil sjølvtestar vera tilgjengelege for dei som likevel ynskjer å testa seg.
Sjølvtestar kan hentast i inngangshallen på Sveio kommunehus mellom kl. 08.00–15.30, og positive sjølvtestar skal ikkje lenger registrerast.