nyhende
750.000 kroner til kystkultur i Sunnhordland
Prosjektet Kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland, som blir leia frå Sveio, har fått eit tilskot på 250.000 kroner frå Riksantikvaren i år og lovnad om 500.000 kroner neste år.
– Dette er sjølvsagt svært gledeleg. Me har arbeidd med dette prosjektet i to år. Den nye tildelinga inneber at me kan halda fram i halvtanna år til, seier rådgjevar i Sveio kommune Ellen Urheim Tveit.
Leia frå Sveio
Ho er leiar for det interkommunale prosjektet, som omfattar alle dei åtte sunnhordlandskommunane. For to år sidan tildelte Riksantikvaren ein million kroner til det same prosjektet. Tildelingane både då og no har samanheng med Riksantikvaren sin bevaringsstrategi for kystens kulturminne.
Tveit kallar prosjektet både ambisiøst og langsiktig. Målet er at fleire sjøbruksbygningar skal bli tatt vare på og brukte, på nye eller tradisjonelle måtar.
– Me har brukt ein del av pengane til å kartleggja sjøbruksbygningar i vårt område. Dette er eit verdiskapingsprosjekt, og me har sett på korleis historiske bygningar framleis kan brukast til verdiskaping. Gjerne på andre område enn dei blei bygde for. Trass alt er det ikkje så mange som driv med sildesalting og liknande, seier Tveit med eit smil.
Gullsjøhuset i Buavåg og Øyvind Wegne Lie sitt sjøhus som er ein del av Valevåg Strandpark, peikar ho på som gode eksempel på ny bruk av gamle sjøbuer. Eit anna eksempel i Sveio er naustet i friluftsområdet Selsåsvika. Kommunen og Friluftsrådet Vest har lenge hatt planar om å restaurera dette naustet og gjera det om til for eksempel gapahuk og enkel overnattingsplass for padlarar. Så langt har det vore vanskeleg å skaffa pengar til dette prosjektet, mellom anna fordi det går litt på tvers av systemet, som Tveit uttrykkjer det. Friluftsliv, kulturvern og offentleg eige går ikkje heilt i hop i denne samanhengen.
– Dette er noko me jobbar vidare med og trur på ei løysing. Elles jobbar me med ei eksempelsamling til bruk i kommunane.
12-15 eigarar med planar
Tveit fortel at den interkommunale prosjektgruppa har kontakt med 12-15 eigarar i heile Sunnhordland som har utviklingsplanar for sine sjøeigedommar. Dei vil gjerne koma i kontakt med fleire og vil gjerne følgja nye prosjekt frå start til mål.
– Me kan tilby eit nettverk der den enkelte kan få inspirasjon frå andre og hjelp til å finna fram i jungelen av tilskotsordningar, rådgjeving og regelverk, seier Tveit vidare.
Ho legg til at bygningsvernrådgjevaren i Sunnhordland er med i prosjektgruppa.
Og ho har ulike døme på ny bruk av bygningar i strandsona. Naust kan bli til badsuer eller enkle overnattingsplassar for padlarar, sjøhus kan bli kulturhus, forsamlingslokale eller overnattingsplassar for turistar. Tveit presiserer at potensialet er veldig ulikt for ulike typar bygningar, plassering, planføremål og vidare.
Neste fase: Formidling
Sidan dei aktuelle bygningane i strandsona no er kartlagde, seier Tveit at dei i neste fase av prosjektet vil bruka meir tid på formidling og utadretta arbeid. Det vil skje gjennom utarbeiding av materiell for kommunane, men også gjennom foredragsverksemd som vil vera opne for alle. Mellom anna har dei kontakt med forfattaren Eva Røyrane, som til hausten kjem med bok om naust og naustmiljø.
Prosjektgruppa kjem også til å samarbeida over fylkesgrensa mot Rogaland, der Riksantikvaren også har tildelt midlar til fleire prosjekt som har fellestrekk med det dei har arbeidd med i Sunnhordland. Dette gjeld for eksempel Vibrandsøy i Hauagesund, som dette året har fått eit tilskot på 500.000 kroner frå Riksantikvaren.
Deler erfaringar med andre
– Og det viser seg at me har vore tidleg ute i Sunnhordland. Vestland fylkeskommune brukar no erfaringane våre inn mot andre regionar og kommunar. Nyleg var eg for eksempel i Sunnfjord og fortalte om arbeidet vårt, fortel Tveit.
I alt behandla Riksantikvaren denne gongen 112 søknader som gjaldt prosjekt både innanfor kyst og landbruk. 36 av søknadene fekk tildelt midlar.
– I Noreg har me levd ved og av havet til alle tider. Og sjøen har vore riksvegen vår nummer ein. Samstundes har kulturarven som viser bruken av jorda, skogen og reinen, vore avgjerande for menneske til alle tider, seier riksantikvar Hanne Geiran i ei pressemelding i samband med tildelingane.
Bevaringsstrategiane er eit hovudgrep for samarbeid mellom sektorar, offentleg forvalting, frivillige og private aktørar om prioriterte kulturmiljø. Stragegiane skal gi innsats i heile landet og retning for framtidas fovalting av kulturmiljø, heiter det vidare i pressemeldinga.