nyhende

Redningsselskapet i aksjon.
Redningsselskapet i aksjon.

74 menn og 5 kvinner drukna i 2023

79 personar drukna i Noreg i fjor, og 94 prosent av dei omkomne var menn. Året før døydde 89 personar i drukningsulykker.

Publisert Sist oppdatert

Det viser drukningsstatistikken frå Redningsselskapet.

– Nedgang er positivt, men 79 liv tapte til drukning er ei sterk påminning om at drukning er ei samfunnsutfordring som må løysast. Vi er nøydde til å nå spesielt vaksne menn for at drukningstala i Noreg skal gå ned, seier generalsekretær Grete Herlofson i Redningsselskapet i ei pressemelding.

Flest menn

Seks av ti døde i fjor var over 40 år. 94 prosent av dei omkomne var menn, det er 10 prosent over snittet dei siste sju åra, ifølgje statistikken.

Tre barn under 14 år og tolv unge menneske i alderen 15 til 25 år mista livet i drukningsulykker i fjor.

13 personar omkom under bading i 2023, mot ti året før. To av ulykkene skjedde i innandørs symjebasseng.

Toppar statistikken

Vestland toppar statistikken med 13 drukningsulykker. I Rogaland drukna tolv personar i fjor. I Agder drukna elleve personar, noko som er fleire enn på mange år.

Oslo og Vestfold og Telemark hadde færrast drukningsulykker, med to ulykker i kvart fylke.

Powered by Labrador CMS