nyhende
7. klasse vann på Valestrand
Hoppetaukonkurransen «Hopp for hjertet», som elevane ved Valestrand skule var med på, blei avslutta onsdag. Sjuande klassetrinn gjekk av med sigeren lokalt, fortel rektor Arve Myklebust.
– Alle elevane var ivrige til å hoppa tau i alle friminuttane den første veka. Etter kvart gjekk fleire elever over til andre aktivitetar i friminutta. I timane hoppa 3.-7. klasse litt kvar dag. 7. klasse heldt fram med hopping i alle friminutt så lenge konkurransen varte, og alle elevane i denne klassen var med, skriv Myklebust i ein SMS til Vestavind.
Gjennomsnittet i klassen som hoppa mest, var fire timar og åtte minuttar per elev.
Besøk av ordføraren
Hoppetaukonkurransen ved Valestrand skule fekk ekstra merksemd i år, då ordførar André Mundal Haukås stilte opp på opninga saman med leiaren i Valestrand Helselag Inger Bente Nilsen og fleire av helselaget sine medlemmer.
Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som står bak «Hopp for hjertet». Konkurransen er landsomfattande og blei arrangert for 19. gong dette året. 100.000 barn deltok. Innanfor grensene til gamle Hordaland fylke deltok 12.300 elevar. Det er mest 400 fleire enn i fjor, skriv kommunikasjonsrådgjevar Camilla Moe Røiseland i Nasjonalforeningen i ei pressemeldig.
For fysisk aktivitet
– Målet vår med konkurransen er å inspirera til auka fysisk aktivitet, glede og fellesskap i skulen, sa generalsekretær i Nasjonalforeningen og påtroppande barneombod Mina Gerhardsen ved starten av årets konkurranse.