nyhende
7 av 10 skuleleiarar melder om grov språkbruk blant elevane
Ny rapport viser at 7 av 10 skuleleiarar opplever grov språkbruk blant elevane. – Ein trugsel mot det trygge skulemiljøet, seier utdanningsdirektør.
Rapporten er utarbeida av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet og byggjer på svar frå nesten 450 skuleleiarar og skuleeigarar.
Det kjem fram i rapporten at språket til mange elevar er prega av personangrep, rasisme og seksualisert eller nedsetjande uttrykk knytt til kjønn og kjønnsidentitet. Mange av dei som har svart, kan melde om at denne typen språkbruk har blitt ein del av daglegtalen til elevane.
– Dette er ei utvikling vi må jobbe for å snu. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Når denne typen språkbruk får fotfeste i skulen, bryt dette med verdiane vi skal byggje fellesskapet vårt på, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Morten Rosenkvist.
Utfordringane er størst på ungdomstrinnet, viser rapporten, og problemet er størst på større skular. Skuleleiarane etterlyser støtte og kompetanse for å handtere situasjonane som oppstår betre.
– Skulen har plikt til å gripe inn mot krenkingar som mobbing vald, diskriminering og trakassering og stoppe det med ein gong viss det er mogleg. Mange skular jobbar godt når det oppstår utfordrande situasjonar og har gode rutinar dei følgjer. Samtidig veit vi at mange i skulen er usikre på når dei skal gripe inn, og at dei ofte er seint ute med å lage tiltaksplan. Det er heller ikkje alltid dei riktige tiltaka som vert sette inn, seier Rosenkvist.