nyhende
68 Sveio-elevar fekk nyttige innspel framfor studievalet
Onsdag drog elevar frå 10. trinn ved Sveio skule til yrkesmessa i Frakkagjerd. Der sto 60 ulike utstillarar klare og venta på framtidige tilsette.
Den årlege yrkesmessa vart held over to dagar i Tysvær Arena, med 60 utstillarar og over 2.500 besøkande elevar.
Onsdag var det 68 elevar frå Sveio skule sin tur, og det vart god stemning allereie frå start av.
— Når dei spurte oss «er Sveio her?» så jubla me alle saman, seier Anja Kristine Leirvik.
Saman med Amali Synnøve Gramshaug og Madelen Birkeland står ho i nærleiken av ein utstillar som reklamerer for yrke innan transport.
— Kva er dykkar interessert i her på messa?
— Bygg og anlegg, eller kunst, seier Gramshaug.
— Noko innan helse eller oppvekst, seier Leirvik og Birkeland.
— Kva er ei god utdanning no til dags?
— Alle utdanningar har si eige verdi og kan verte gode val, seier Gramshaug
Hadde lagt ein plan
To som har allereie veit kva dei vil sjå meir på er Katharina Karlberg Skram og Emma Heiberg-Andersen Katla.
— Industriproduksjon og teknologi, seier Skram.
— Enten helse eller idrett. Det kan vere mykje forskjellig innanfor helse, seier Katla.
Ved utstillar for sjøfartsnæring står Elias Selbak Rød og Morten Danielsen.
— Freistar det med ei maritim utdanning?
— Mest pengane som er interessant, men emnet er også spennande, seier Danielsen.
— Me er begge to mest interessert i bygg og anlegg, seier Rød.
— Eller kanskje noko mekanisk, seier Danielsen.
Sveibuar orienterte
Ein lærar frå skulen informerer at han som held utstillinga for verksemda PDS Meca er Trym Spilde, ein tidlegare elev ved Sveio skule.
— Korleis er det å møte yngre sveibuare på messa?
— Det er veldig kjekt å treffe dei, og å kunne fortel dei om faget, seier han.
Det er fleire sveibuare som held utstillingar på messa.
Den eine er Frida Hovland Jepsen. Ho går medielinja på tredje året på Vardafjell vidaregåande skule.
— Det er eit veldig kjekt emne som inneheld stor variasjon. Media er mykje meir enn berre foto og video. For dei som er interessert i media er Vardafjell eit godt val, og det er nært Sveio, seier ho.
— Om du er på utkikk etter fleire sveibuare å snakke med så står det ein rett bak deg også, seier Jepsen.
Sveibuen som Jepsen viser til er Elise Enge Mjånes. Ho er elev på Skeisvang Vidaregåande skule på dramalinja.
— Det er veldig morosamt og sosialt på linja. Eg er veldig fornøgd med valet mitt, seier Mjånes.