nyhende
6.000 mista jobben i den maritime klynga under pandemien
Sysselsettinga i den norske maritime klynga gjekk ned frå 91.000 til 85.000 tilsette i løpet av pandemien. Men trass store utfordringar gjekk det betre for næringa enn venta, ifølgje ny rapport. Unntaket er nybyggingsverfta.
Den maritime klynga er den nest største eksportnæringa i Noreg, etter petroleumsverksemda, og består av skipsverft, reiarlag og maritime utstyrs- og tenesteleverandørar. Næringa omfattar nær 5.000 verksemder, dei fleste av dei små og mellomstore bedrifter i distrikta og langs kysten.
Onsdag overrekte Maritimt Forum ein verdiskapingsrapport for næringa til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Rapporten er utarbeidd av Menon Economics på oppdrag frå forumet.
Mindre verdiskaping
Samla for næringa gjekk omsetninga ned frå 477 milliardar kroner i 2019 til 451 milliardar i 2021.
Verdiskapinga har Menon Economics berekna til 151 milliardar kroner i fjor, mot 154 milliardar i 2019.
Ivar Engan trur mange av dei 6000 som har mista jobben dei siste åra, har fått seg nytt arbeid att.
– Det er låg arbeidsløyse generelt i landet, så vi reknar med at dei har funne seg andre jobbar. Men for næringa er dette ei utfordring, for dette er høgkompetente arbeidsplassar som det tar tid å bygge opp att.
Maritimt Forum ber no regjeringa bidra til å få verfta på beina att ved å forsere planlegging og bygging av standardiserte fartøy til sjøforsvaret i Noreg.
– Dette vil vere det viktigaste, enkeltståande tiltaket for å sikre høg aktivitet ved norske verft, seier Engan.
Mange lyspunkt
Sjølv om ei rekkje verft har slite, viser rapporten at det meste av næringa faktisk har klart seg relativt bra gjennom pandemien. Prognosane for den samla maritime klynga er oppløftande.
– Optimismen er tilbake, og tala viser at vi er ferd med å leggje pandemien bak oss, seier Engan.
Dette gler også fiskeri- og havministeren seg over.
– Noreg har ei maritim næring i verdsklasse. Dette er ei stor eksportnæring som skaper arbeidsplassar og verdiar langs heile kysten. Rapporten er ei god statusoppdatering, som viser at næringa har klart seg betre enn frykta under pandemien, seier han til Nynorsk pressekontor.
Vil skape 9.000 nye arbeidsplassar
Ifølgje hovudscenarioet i verdiskapingsrapporten ligg det an til at maritim sysselsetjing fram mot 2024 aukar med nesten 4.000 arbeidsplassar samanlikna med sysselsettinga i 2019. Det vil seie 9.000 arbeidsplassar frå dagens nivå.
Verdiskapinga skal ifølgje prognosane opp 10 milliardar i same periode.
– Framtidsutsiktene er positive. Regjeringa vil stimulere til meir vekst, arbeidsplassar og kutt i utslepp med satsinga vår på grøn skipsfart fram mot 2030, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Ivar Engan i Maritimt Forum ser lyst på framtida for næringa.
– Det er mange lyspunkt der ute no, og den norske maritime klyngja vil samla sett få meir vind i segla i åra som kjem. Drivarane er grøn teknologiutvikling, investeringar i havvind, og dessutan òg veksten i den maritime havbruksnæringa, seier han.
(©NPK)