nyhende

6 av 10 har skrudd ned varmen i heimen. Foto: Shutterstock / NPK
6 av 10 har skrudd ned varmen i heimen.

6 av 10 har skrudd ned straumen i heimen

I ei fersk spørjeundersøking for Tryg Forsikring svarer 61 prosent at dei har slått av oppvarming av enkelte rom i heimen på grunn av høge straumprisar.

Publisert Sist oppdatert

NPK: – Vi fryktar rekordmange frostskadar i vinter, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg i ein kommentar til spørjeundersøkinga, som er gjennomført av YouGov i september.

Her svarar fleire kvinner (68 %) enn menn (54 %) at dei har slått av varme i enkelte rom. Aldersmessig er høgaste del (67 %) i gruppa 50–59 år, og lågast (52 %) i alderen 18 til 29 år.

Flest i Vestland

Geografisk finn ein høgast del i Vestland der 70 prosent seier dei allereie har slått av varme i enkelte rom, og lågast i Troms og Finnmark med berre 35 prosent.

«Me tilrår jamn logn temperatur, helst over 10 grader, i rom med tilknyting til vassrøyr. Er romma ikkje for stort kan ein liten omn klara det, og små omnar ståande jamt på rundt om i huset er betre enn å ha ein stor som skal varma opp fleire rom. Hugs også at i eit uoppvarmet rom blir overflatene kalde, og saman med fukt kan det skapa kondens som igjen kan føra til muggsopp og dårleg inneklima», seier Brandeggen i pressemeldinga.

Rekordmange vass-skadar i fjor

Vass-skadar oppstår oftare enn innbrot og brannskadar, og statistisk blir det meldt inn éin vasskade kvart åttande minutt til forsikringsselskapa, viser tal frå Finans Norge.

Forsikringsbransjen registrerte i fjor rekordhøge 78.453 vass-skadar til ein erstatningskostnad på 3,4 milliardar kroner. Om lag 10 prosent av talet på vass-skadar er knytt til frost.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS