Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
55 stemte den første timen i Førde
Tore Grutle var ikkje blant dei første til å stemma i dag, men han har stemt ved alle val sidan han var 18 år. Etter rask hovudrekning kjem han til 17 val.
– Eg har valt det partiet som står for mest av det eg står for. Det er viktig å gi si stemme uansett kva ein vel, og stemmer ein ikkje har ein ikkje så mykje ein skulle ha sagt etterpå, seier Grutle etter å ha putta si stemme i valurna.
Travelt start på valdagen
Vallokala opna klokka 10.00, og Vestavind er innom Førde samfunnshus midt i ein lang dag for valmedarbeidarane. Dei er ikkje ferdige når vallokalet stenger klokka 20.00. Då skal stemmene teljast og deretter køyrast til kommunehuset.
– Den første timen var hektisk. Då var det 55 personar innom, fortel Knut Lier.
Valmedarbeiderane rullerer kvar halvtime på dei ulike plassane, og Lier tar imot i døra når Vestavind kjem. Han rekk ein ørliten prat før det kjem veljarar sigande.
Merkar mange har førehandsstemt
– Kor mange val har du bidratt til som valmedarbeidar?
– Dette er det 10. valet, og det er ein kjekk jobb kvar gong, seier Lier.
Kristin Brekke Hovland er leiar i vallokalet. Ho seier dei merkar godt at mange har stemt på førehand.
– Likevel har det vore eit jamnt sig gjennom dagen. Det er bra, for elles hadde det blitt lange timar. Frå 15.00-tida og utover brukar det å ta seg opp. Då kjem folk frå jobb, enten før eller etter middag, seier Brekke Hovland.
Frå tomme til fulle stemmeavlukke
Det stemmer godt. Frå å vera ingen, ein eller to i stemmeavlukka, er det brått fullt i alle og ein liten kø framfor bordet med registrering, stempel og til slutt valurna.
– Eg stemmer ved kvart val. Det bør ein gjera, seier Ida Dragvoll før ho drar vidare til andre gjeremål.