NPK-NTB: Dei store plastlaminerte førarkorta utskrivne før 1998 er ikkje gyldig frå 1. januar. Alle som må fornye førarkortet, har fått SMS om det.
– 50 000 har framleis ikkje fornya førarkortet. No hastar det for dei som vil behalde førarretten etter nyttår. Vi håpar flest mogleg kjem og fornyar førarkortet i november, og fleire trafikkstasjonar har ope på både kveld og helg. Ventar alle til desember, kan ein risikere å ikkje få fornya førarkortet før fristen, seier avdelingsdirektør Lill Tove Amundsen i ei pressemelding.
Viss ein ikkje fornyar førarkortet, mistar ein førarretten frå og med 1. januar 2023.
Ein får likevel førarretten tilbake når ein eventuelt fornyar førarkortet på eit seinare tidspunkt.
I Viken er det flest som må fornye førarkortet – heile 11.027 personar.