NPK: 80.000 norske barn er i risikogruppene som blir tilrådd å vaksinere seg mot influensa, men så langt har likevel berre 7 prosent fått vaksine. No finst vaksinen også tilgjengeleg i form av nasespray.
Folkehelseinstituttet (FHI) sitt mål er at 75 prosent av barn i risikogruppa blir vaksinerte. Dei trur mange foreldre ikkje veit at barna deira bør ha vaksine, og at helsepersonell som behandlar barn, ikkje gir tilstrekkeleg anbefalingar, skriv NRK. Barn med lungesjukdom, lever- og nyresvikt, diabetes, nevrologiske sjukdommar, fedme eller astma er alle tilrådde å ta vaksinen. Blant dei som er vaksinerte, er det vesentleg færre som blir alvorleg sjuke.
Får ikkje puste
Ifølgje FHI blir årleg om lag 500 barn innlagt på sjukehus på grunn av influensa. Barn i risikogruppa har om lag fem gonger høgare sannsyn for å bli lagt inn på sjukehus med influensa enn barn som ikkje er utsette. Berre på Stavanger universitetssjukehus (SUS) er over 50 barn blitt lagt inn med influensa så langt denne sesongen.
– Dei har vore sjuke såpass lenge at dei begynner å miste appetitten, dei får ikkje i seg drikke og av og til treng dei litt intravenøs væske. Nokre blir tunge i pusten og treng litt oksygen, og nokre gonger meir omfattande pustestøtte, fortel Bjørn Barstad, seksjonsoverlege på barneavdelinga ved SUS til NRK.
Enkel nasespray
Sjølv om influensasesongen er godt i gang, er det ikkje for seint å ta vaksine. Erfaringsmessig kan det også komme fleire bølgjer med nye virusmutasjonar. I tillegg til den tradisjonelle vaksinen i form av sprøyte, finst det også ein spesialutvikla nasespray som gir fullgod vaksinering og som er tilgjengeleg for dei som ønsker det.