nyhende

50-årig korpsjubilant opp frå bølgjedal

Fire spelande medlemmer, det var alt som var att i Førde skulemusikkorps for to år sidan. Mange frykta nedlegging. Heldigvis avdekka rekrutteringsarbeidet stort engasjement, og ni ivrige aspirantar blei resultatet alt det første året.

Publisert Sist oppdatert

Etter å ha vore nede i ein bølgjedal, er optimismen igjen tilbake i Førde-korpset. Eit aktivt styre har jobba beinhardt for å byggja opp korpset, og jobben heldt fram. Til dømes er fem musikantar rekruttert frå Valestrand, og no frir dei også til Auklandshamn.

Tore Grutle tok over som korpsleiar etter Gunvor Tjøstheim Steinsland, våren 2018. På den tida var det berre fire musikantar att i Førde, og ikkje langt unna nedlegging.

Fråfall grunna alder

– Grunnen til det store fråfallet var at mange slutta i korpset samstundes på grunn av oppnådd alder (18 år). Men litt etter litt har me klart å få ting på rett kjøl igjen, med dei nye aspirantane som kjem i år, er me oppe i 20 musikantar totalt. Utfordringa framover er at me har ingen musikantar over 13 år, dermed vil ta tid før me får bygd opp stamma i korpset. Det er også ein anna faktor som spelar inn, me må klara å halda på dei musikantane me alt har. Me er innstilte på å jobba hardt for at me også i framtida skal ha korps i bygda vår, opplyser Grutle.

– Korps er gøy! samstemmer denne friske gjengen i Førde skulemusikkorps som her har tatt oppstilling på Strando i Førde ved ein av motorsagkunstnar Kenneth Ravn Ottesen sine mange figurar.

Brenn for korps

Ifølgje leiaren er korpsstyret oppteken av finna på andre aktivitetar utover berre musikk, til dømes bowling. Dette har blitt godt motteke. Det er ei kjensgjerning at det blir vanskelegare å halde medlemmene inne i varmen i ungdomsskulealder. Tilboda aukar og ikkje alle synes det er like kult å spela i korps 17. mai.

– Kva var det som gjorde at du tok leiarvervet?

– Då sonen min, 10 år gamle Patrick, byrja som aspirant i 2018, sa eg meg villig til å vera styremedlem, men enda opp som leiar, smiler Grutle som ikkje legg skjul på at han brenn for korps.

Litt tynt i rekkene

– Korleis er det å vera dirigent i Førde skulemusikkorps?

– I utgangspunktet er det kjekt, men me skulle absolutt vore fleire musikantar, det blir litt tynt i rekkene, seier Simon Gilje. Han har vore dirigent i Førde-korpset i ei årrekkje, i tillegg til fleire korps i Haugesund.

– Kva skal til for å få opp engasjementet?

– Folk må berre få bli klar over kor kjekt det er å spela i korps, så trur eg eigentleg at det kjem av seg sjølv, fastslår Gilje som rosar korpsforeldra for godt samarbeid, både under øvingane og elles.

Kvar måndagskveld samlast korpsmedlemmene i Førde samfunnshus, to timar kvar gong. Førde-korpset har for tida seks aspirantar, men har ønskje om mange fleire. Eit samarbeid med Valestrand skulekorps har skaffa dei eit par nye medlemmer, og no er planen å fri til Auklandshamn.

50-års jubileum

Koronapandemien sette stoppar for konkurransar og reiser, det som gjerne er høgdepunkta for korpsfolk. Også Førde skulemusikkorps sitt 50-årsjubileum, som var 1. mai 2020, er sett litt på vent, men ifølgje korpsstyret er festen så visst ikkje avlyst.

– Dato er ikkje sett enda, men programmet byrjar å falla på plass. Me ønskjer å samla noverande og tidlegare musikantar, og elles dei som har vore engasjerte i korpsdrifta. Det blir tilbakeblikk på korpset si historie, blant anna gjennom bilete og filmar, talar og mimring, opplyser Tore Grutle.

5 musikantar om å spela i korps:

1. Kva er det kjekkaste med å gå i korps?
2. Høgdepunkt som korpset har vore med på?

(11) baryton:1. – Spela saman med andre.2. – Det gøyaste var å spela bowling.
(11) kornett:1. – Det er kjekt å læra å spela eit instrument.2. – Deltaking på Karmøy Brass, og bli kjent med musikantar frå andre korps.
(10) kornett:1. – Korps er kjekt, og du lærer mykje.2. – Bowlingturen vår til Stord.
(11), kornett:1. – Vera med andre og få spela i korps.2. – At me var fleire som byrja i korpset på likt.
(10), baryton1. – Spela saman med andre.2. – Då me spela på Karmøy Brass.
Powered by Labrador CMS