nyhende

I fjor kom det inn så mange helsingar at dei fylte to sider i avisa.
I fjor kom det inn så mange helsingar at dei fylte to sider i avisa.

5. november er siste frist for farsdagshelsingar

Det er mange snille, kjekke, morosame, spreke, hjelpsame og verdens beste fedre der ute som fortener ei helsing i Vestavind. To av dei vinn også premie frå Haugli og Albatross Spa.

Publisert Sist oppdatert

For at fedrene både skal få helsing og mogelegheit til å vinna kake eller spaopphald, må det sendast inn helsing til Vestavind seinast førstkomande søndag 5. november.

Då er det altså nokre snille barn eller partnarar som må gjera ein liten jobb. Me treng tekst og bilde, og du kan legga det inn på helsingar via nettavisa eller til tips@vestavind-sveio.no. Hugs å merka med farsdag uansett kva måte du sender i helsinga.

Dei fine fedrene blir presenterte i avisa saman med vinnarane av premiane i avisa 9. november. På sjølve farsdagen 12. november blir alle helsingene lagt ut på nettavisa.

Powered by Labrador CMS