nyhende

Ståle Andreassen er kommuneoverlege i Sveio kommune.ARKIVFOTO
Ståle Andreassen er kommuneoverlege i Sveio kommune.ARKIVFOTO

46 har testa negativt – ventar på nye prøvesvar

Totalt er 52 personar testa etter at det var påvist covid-19 hos ein elev ved Vikse skule. Smittevernlege Ståle Andreassen forventar at kommunen får svar på dei siste prøvane tysdag.

Publisert Sist oppdatert

Kommunen sette raskt i verk tiltak då det 20. mai vart kjent at ein elev ved Vikse skule hadde testa positivt på covid-19. Rundt 20 medelevar og tre lærarar vart sett i karantene, og i arbeidet med å finne alle nærkontaktar, vart 46 personar testa for smitte før helga. Alle desse vart også sett i midlertidig karantene.

Ingen av dei 46 har fått påvist koronasmitte, og Vikse skule vil vera open som vanleg frå måndag morgon. Men smittesituasjonen er enno ikkje heilt avklara. Ytterlegare seks personar er testa i løpet av helga.

Har testa bredt

– Testane blir sende til Bergen eller Stavanger, og eg forventar svar tysdag. Så snart kommunen har fått svar, vil me gå ut med oppdatert informasjon, seier Andreassen.

Blant dei som er testa er det både barn og vaksne, med ei overvekt av barn.

– Me har valt å testa bredt for å sikra best mogeleg oversikt raskt. Då er det betre å testa mange enn for få og gå glipp av nokon. Dette er det også opna opp for sentralt for å sikra god smittesporing, seier Andreassen.

Han vil gjerne takka for at alle som kommunen har kontakta har vore veldig hjelpsame og stilt opp på kort varsel. Samstundes minnar han om at no når samfunnet gradvis opnar opp, er det viktig å framleis halda dei generelle smittevernråda:

Be om testing ved mistanke

Vask hendene ofte, ha gode hoste- og nyserutinar og hald avstand. Og har du symptom på luftvegsinfeksjon skal du halda deg heime.

No som testkapsiteten er auka, oppmodar han også folk til ikkje å venta med å testa seg om dei har mistanke om smitte.

– Det ser ut til å vera generelt lite smitte i Noreg no, men ein kan framleis bli smitta, seier Andreassen.

Powered by Labrador CMS