nyhende

Forsamlingslokalet til Pinsemenigheten Filadelfia i Auklandshamn.
Forsamlingslokalet til Pinsemenigheten Filadelfia i Auklandshamn.

439 sveibuar høyrer til andre trus- og livssynssamfunn enn Den norske kirke

Kvar haust kjem det sending frå Brønnøysundregistera til norske kommunar med oversikt over innbyggjarar som er medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kirke.

Publisert Sist oppdatert

Listene er grunnlag for kor mykje kommunane skal betala i driftstilskot til dei ulike trussamfunna, tufta på same sum kommunen betalar i driftstilskot per lokale medlemmer i Den norske kyrkja.

439 medlemmer totalt

2020-oversynet fortel at 46 ulike trus- og livssynssamfunn er representerte i Sveio, med totalt 439 tilskotsteljande medlemmer. Det varierer frå eitt medlem, til 106 medlemmer i Oslo Katolske Bispedøme, som er det største.

Desse har 10 eller fleire medlemmer registrerte i Sveio kommune:

  • Oslo katolske bispedømme
  • Pinsemenigheten Filadelfia
  • Human-Etisk Forbund
  • Haugesund nordre misjonskirke
  • Haugesund misjonskirke
  • Den islandske evangeliske-Lutherske menighet i Norge
  • Falah-ul-muslimeen
  • Masjid Elssalam i Nord Rogaland
  • Pinsemenigheten Tabernaklet
  • Sentrumskirken Haugesund Baptistmenighet
  • Stord islamisk kultursenter
Powered by Labrador CMS