nyhende
403.444 kroner frå Sveio til TV-aksjonen
Totalt har det kome inn 403.444 kroner frå Sveio til årets TV-aksjon. Talet inkluderer landsfordelte bidrag og er ny rekord.
Også på landsbasis blei det sett ny rekord då TV-aksjonen blei arrangert for 50. gong. I alt var det måndag føremiddag registrert bidrag på 366.877.195 kroner. I 2023 var talet 273,7 millionar. Tala er henta frå TV-aksjonen sin eigen oversikt på nettet.
Over landsgjennomsnittet
På sjølve aksjonsdagen kom det inn 96.968 kroner i kontantar og litt over 100.000 kroner på Vipps på sjølve aksjonsdagen, mot 134.000 kroner i 2023. I tillegg kjem bidrag frå næringslivet, kommunen og andre.
Til saman utgjer bidraga 70,17 kroner per innbyggar, eller 3,65 kroner over landsgjennomsnittet. Sveio plasserer seg på 225. plass blant landets 358 kommunar og på 34. plass blant dei 43 kommunane i Vestland.
Nøgd med resultatet
– Det er eit flott resultat, og eit resultat som var venta. Barnekreftforeningen får pengane dette året, og mange opplever nærleik til det arbeidet denne foreininga står for. Det fekk eg stadfesta då eg sjølv var ute og gjekk med bøsse saman med mormor, seier ordførar André Mundal Haukås.
Før helga var han med på å utfordra det lokale næringslivet til å bidra. Også her opplevde han stor velvilje og ein auke på rundt 10.000 kroner frå året før.
Vil auka endå meir
Det er venta at innsamlingsresultatet vil stiga endå meir dei næraste dagane, både i Sveio og landet elles. Det er framleis mogleg å bidra med gåver, og det er venta innbetalingar frå store og små enkeltaksjonar rundt om i landet som enno ikkje er med i oversikten.
Slike mindre aksjonar har det også vore i Sveio, mellom anna ut frå Skattkammeret til Sveio frivilligsentral.
Synne Epland Føyen, Hedda Sofie Ljones og Hennie Mikkelborg var mellom barna som var med på dette. Då dei tre venninnene selde kunstverka dei hadde laga, fekk dei inn 1.900 kroner til TV-aksjonen.
– Dessutan har Sveio Helselag sagt at dei vil gi eit tilsvarande beløp, fortel dagleg leiar i Sveio Frivilligsentral Guro E. Røher.
For få bøssebærarar
I år som tidlegare hadde frivilligsentralen ansvaret for gjennomføring av TV-aksjonen i Sveio. Røher har fleire gonger dei siste vekene etterlyst fleire bøssebærarar for å dekka alle delar av kommunen.
– Det kom ein del til å slutten, men ikkje nok. Me klarte difor ikkje å nå over alle husstandar i Vikse-, Lid-, Rød- og Vandaskog-krinsane, og truleg heller ikkje i Valestrand, seier Røher.