nyhende

– Høgre gjorde det dårleg på Vestlandet ved dette valet, særleg samanlikna med perioden dei sat i regjering. På Sør-Vestlandet, i Rogaland, gjer Frp det kjempebra, seier Johannes Bergh til NPK. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
– Høgre gjorde det dårleg på Vestlandet ved dette valet, særleg samanlikna med perioden dei sat i regjering. På Sør-Vestlandet, i Rogaland, gjer Frp det kjempebra, seier Johannes Bergh til NPK.

4 av 10 bytte parti ved Stortingsvalet

Heile 39 prosent av veljarane som stemde i 2021 bytte parti ved stortingsvalet i år. Frp mobiliserte mange heimesitjarar og står særleg sterkt langs kysten. Også blant førstegongsveljarar var Frp det største partiet, medan Høgre tapte terreng på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Det kom fram då dei første resultata frå Stortingsvalundersøkinga 2025 vart lagt fram på Institutt for Samfunnsforskning (ISF). Framstegspartiets framgang har fleire forklaringar, seier Johannes Bergh, leiar for valforskingsprogrammet ved ISF til Nynorsk pressekontor.

– Frp gjorde det veldig bra langs heile kysten, så det er litt av suksessen til partiet, både ved dette valet og delvis tidlegare også. Dei gjer det veldig godt i mellomstore kommunar der det til dømes er ein del industri.

Størst endring for Høgre på Vestlandet

Det gjorde sitt for tilbakegangen til Senterpartiet, seier Bergh til NPK.

– Eit anna trekk ved årets val er at Senterpartiet går veldig kraftig tilbake i dei delane av landet der partiet særleg ved førre val gjorde det veldig godt. Det gjeld heile Nord-Noreg og Innlandet. I begge desse landsdelane har Frp på ein måte kome attende.

For Vestlandet sin del er det Høgre som har opplevd størst endring, påpeiker han.

– Høgre gjorde det dårleg på Vestlandet ved dette valet, særleg samanlikna med perioden dei sat i regjering. På Sør-Vestlandet, i Rogaland, gjer Frp det kjempebra.

Skatt og helse

Øyvin Kleven, senior statistikkrådgjevar i Statistisk sentralbyrå (SSB), oppsummerte årets val med at Framstegspartiet hadde formidabel framgang, Senterpartiet gjekk mykje attende, Arbeidarpartiet hadde ein liten framgang og at MDG kom seg over sperregrensa:

– Frp mobiliserte veldig mange heimesitjarar frå 2021. Sjølv om valdeltakinga berre gjekk opp med cirka 1 prosent, var det ei tydeleg mobilisering blant unge menn. Høgre, som gjorde eit relativt dårleg val, gjorde det relativt bra blant førstegongsveljarane, sa han.

Årets val viste også at Arbeidarpartiet er det største partiet blant unge kvinner. Ein ser framleis at der kvinner lener meir mot venstresida i politikken, lener menn meir mot høgre. Tala syner også ein klar sektortendens. Frp og parti på høgresida gjorde det klart betre blant menn i privat sektor, medan oppslutninga om styringspartia er større blant kvinner i offentleg sektor.

Johannes Bergh, leiar for valforskingsprogrammet ved ISF og Øyvin Kleven, senior statistikkrådgjevar i Statistisk sentralbyrå, la fram dei første resultata frå Stortingsvalundersøkinga 2025.

Polarisering blant dei unge

– Polariseringa er størst blant dei unge. Ser me på utdanningsnivå, gjer Frp det klart dårlegare blant personar med universitets- og høgskuleutdanning. Partia med ein klar miljøprofil, som MDG, gjer det relativt betre blant personar med universitets- og høgskule, medan Arbeidarpartiet gjer det godt over heile fjøla, forklarte Kleven.

Blant menn var skatt den klart viktigaste saka, medan kvinner sette helsepolitikk øvst. Utanriks- og forsvarspolitikk er viktig for begge grupper. Miljø og klima vart oftare nemnt som viktige av kvinner, medan menn i større grad var opptekne av innvandring. Blant menn på 30 år eller yngre, var skatt og innvandring dei aller viktigaste sakene.

Byter parti

Den såkalla veljarvandringa mellom partia og heimesitjargruppa og dei som stemde i minst eitt av dei siste to stortingsvala, var høge også i ein historisk kontekst. Under halvparten tok det same valet to gonger (45 prosent). Blant dei som stemde ved begge vala og bytte parti, var delen 39 prosent.

Der Raudt beheld 52,5 av veljarane sine frå førre val, greidde Sp berre å halde på 30 prosent av veljarane, medan SV heldt fast på 38 prosent. Partia med høgast lojalitet blant veljarane var Arbeidarpartiet og Frp. Slik vil det ofte vera; partia som gjer eit godt val, lukkast med å halde på veljarane, i tillegg til at dei kanskje vinn over nokre nye, understreka Bergh.

Han hadde også djupdykka i kor veljarane til partia som gjorde eit dårleg val, forsvann til. Av Senterpartiets veljarar gjekk cirka 24 prosent til Arbeidarpartiet. Rundt 15 prosent gjekk til Framstegspartiet. SV mista veljarar til MDG, Arbeidarpartiet og Raudt.

Mobiliserte heimesitjarane

20 prosent av dei som stemte Raudt i år, stemte ikkje i det heile ved førre val. Til liks med Frp greidde dei altså å mobilisere ein del heimesitjarar.

– Ein tredel av Frp sine veljarar sat heime ved førre val. Det er ei imponerande mobilisering, sa Johannes Bergh.

– Framstegspartiet vann også over veldig mange tidlegare høgreveljarar, og fekk også veljarar frå Senterpartiet.

Eigarskap til saker

Undersøkinga tek óg for seg kva for parti veljarane meinte hadde best politikk på 11 saker som var viktige for dei. Arbeidarpartiet og Framstegspartiet hadde høgast såkalla sakseigarskap til både skattepolitikk og helsepolitikk. MDG hadde høgast sakseigarskap til miljøpolitikk, ei sak der også Frp markerte seg. På høgresida hadde Frp høgast sakseigarskap til innvandringspolitikk, medan Arbeidarpartiet leia an på venstresida med sakseigarskap til innvandring.

– Det som typisk kjenneteiknar styringsparti, er parti som har truverd på tvers av politiske saker og ikkje berre einskildsaker, påpeikte Johannes Bergh.

Han viste til at Arbeidarpartiet ligg på topp i eit klart fleirtal av politiske saker, medan SV har mista truverd i saker som miljø- og klimapolitikk og skule- og fordelingspolitikk. Også Høgre har mista truverd i fleire saker og med det noko av truverdet som eit breitt styringsparti, sa Bergh.

– For Frp er situasjonen motsett. Dei har eit høgt sakseigarskap, ikkje berre i sakene som er viktige for partiet, slik som skatt og innvandring, men også helsepolitikk, skulepolitikk, eldrepolitikk og samferdsel. Frp har med det styrkt truverdet sitt og framstår no meir som eit breitt styringsparti enn dei har gjort tidlegare.

Powered by Labrador CMS