nyhende
37 fleire abonnerer på Vestavind
Vestavind auka opplagstalet til 1.622 første halvår i 2023. Det er 37 fleire abonnentar enn første halvår 2022, og det høgaste opplaget på ni år.
Berre i 2010 (1.664), 2013 (1.647) og 2014 (1.662) hadde Vestavind høgare opplag enn i dag.
Lokalavisene står framleis sterkt, og Vestavind er blant dei om lag 40 prosentane av lokalavisene knytt til LLA som går fram. Alle LLA-avisene sett under eitt, er det ein nedgang på 0,9 prosent.
– Me skulle gjerne ha sett at opplagstala var litt betre. Tatt i betraktning at mange har stram privatøkonomi for tida, kan me likevel seia oss nøgde. I valkampen og under valet har me dessutan sett utallege eksempel på at lokalavisene står veldig sterkt blant innbyggarane. Det er lokalavisene som har dekka kommunestyrevalet på ein fortreffeleg måte, og dei har demonstrert kor viktig det er for lokaldemokratiet å ha levedyktige lokalaviser, sier Tomas Bruvik, LLA sin generalsekretær.
Digital trend held fram
Om ein ser på dei ulike abonnementa til Vestavind, er trenden som i fjor. Stadig fleire abonnentar går over til reint digitalt abonnement, og der er auken 106.
Komplett med både papir- og nettavis har ein nedgang på 68 abonnentar samanlikna med første halvår i 2022.
Av lokalavisene rundt oss, er det Bømlo-Nytt som har størst auke i opplaget med 243. Sunnhordland har 183 nye abonnentar, og er storbror blant lokalavisene i Sunnhordland og på Haugalandet med eit opplag på 7.265.
Nedgang
For resten av lokalavisene er det nedgang. Godkjent opplag første halvdel av 2023 står i parantes.Tysvær Bygdeblad: -61 (2.130), Ryfylke: -52 (2.176), Grannar: -37 (3.446) og Suldalsposten: -17 (2.591)
Dei to reine nettavisene Stord24 og Karmøynytt har høvesvis ein nedgang på 14 abonnentar og ein auke på 217.
Haugesunds Avis har størst opplag med 20.559, men har mista 874 abonnentar samanlikna med første halvår 2022.