nyhende

Søndag var 331 koronapasientar innlagde på sjukehus. Aldri før har talet på koronapasientar vore høgare i Norge. Her frå intensivavdelinga på Ahus der legespesialist i anestesi og intensivmedisin, Christopher Orhagen, behandlar ein pasient. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Søndag var 331 koronapasientar innlagde på sjukehus. Aldri før har talet på koronapasientar vore høgare i Norge. Her frå intensivavdelinga på Ahus der legespesialist i anestesi og intensivmedisin, Christopher Orhagen, behandlar ein pasient.

3.622 registrerte nye smitta

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Det siste døgnet er det registrert 3.622 koronasmitta i Noreg. Det er 1.046 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.626 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.510, så trenden er framleis stigande.

Søndag var 331 koronapasientar innlagde på sjukehus. Aldri før har Noreg hatt fleire innlagde koronapasientar enn no. Av dei 331 ligg 106 på intensivavdeling og 58 får respiratorbehandling, opplyser Helsedirektoratet.

I alt har 317.880 personar testa positivt for korona i Noreg, ifølgje tal oppdatert natt til måndag.

Til saman er 1.136 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS