nyhende

20200831_201849

3600 kroner meir årleg per barn under 6 år

Publisert Sist oppdatert

Frå 1. september aukar den ordinære barnetrygda til barn under 6 år med 300 kroner, opplyser NAV. Utbetaling per barn under 6 år vil då bli 1354 kroner i månaden, for barn over 6 år er den som før, 1054 kr.

Frå og med månaden barnet fyller 6 år, vil ein ikkje lengre få tillegget, dette vil bli varsla med brev.

Ifølgje Statistisk Sentralbyrå sin statistikk frå februar 2020, er det 427 barn mellom 0 og 5 år i Sveio.

Powered by Labrador CMS