nyhende
36 køyrde for fort – ein mista førarkortet
Onsdag hadde utrykningspolitiet (UP) storkontroll i Sveio. Ein førar bidrog til at talet på belaglagte førarkort på Haukås hittil i år auka til 13. Han køyrde for fort på begge kontrollpunkta.
Storkontrollen starta klokka 09.00 og varte til 12.00. 12 tenestemenn og -kvinner var i sving, og det var laserkontroll både i 60-sona på Haukås og i 80-sona på sørsida av Haukåskrysset. Det skulle bli avgjerande for han som mista førarkortet.
Vestavind hadde akkurat kome til busshaldeplassen på Haukås då den aktuell bilen vart vinka inn. Den var målt til 73 km/t i 60-sona. På skilta var det også klistremerke som han måtte fjerna. Etter å ha vedteke fartsbota, gav føraren såpass gass då han svinga ut og køyrde vidare sørover, at det fekk UP til å reagera.
Måtte ta Kystbussen heim
Ein av dei to sivile UP-bilane som deltok i storkontrollen køyrde etter, og kontrollpunktet i 80-sona vart varsla. Like etter suste bilen gjennom kontrollen i 125 km/t – etter at tryggleiksmarginen var trekt frå. Grensa for førarkortbeslag i 80-sone er 36 km/t over fartsgrensa, og føraren var over det med god margin.
I følge med den sivile UP-bilen kom bil og førar attende til busshaldeplassen. Der vart det gjort avhøyr, føraren pakka ut av bilen og sette seg til å venta på første Kystbuss sørover. Bilen må ein med førarkort henta. Rapport frå fartsmålingane og avhøyret blir sendt til jurist for påtalemessig vurdering. Utfallet av den kan føraren vedta, eller så blir det rettssak.
36 på 3 timar, og litt til
Heile 36 forenkla forelegg vart skrive ut for fart i løpet av kontrollen. Ein førar nekta å godta bota og vart anmeld, ein vart bøtelagt for brot på vikeplikta ved stoppskiltet, og to blei bøtelagt for bruk av mobiltelefon.
Team Haugalandet i UP-distrikt 3 Vest, dekker området frå Halhjem til Årsvågen og innover til Telemark-grensa. Det er ikkje så ofte dei har storkontrollar som på Haukås, men dei har gjerne kontroll fleire stader samstundes.
– Me har særleg fokus på E 39 og E 134 i det gamle Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Primært har me polititenester på veg som arbeidsoppgåver. Men er me i nærleiken av andre hendingar, bistår me når det er trong for oss. To av bilane er sivile med særleg fokus på fart og ruskøyring, seier teamleiar John Kristian Espeland.