nyhende

Nils Henrik Nodlandkontroll laser trafikk politi bot
Etter tre kontrollar på E39 på Fjon varslar UP nye kontrollar med korte mellomrom på denne strekninga. Foto Irene Flatnes Haldin

35 km/t over fartsgrensa ved Fjon

Høgaste fart blei målt til 115 km/t då UP for tredje gong på ei veke hadde trafikkontroll på E39 ved Fjon onsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er ein hovudveg der me dessutan har registrert at det ofte er høg fart. Difor har me hatt nokre kontrollar med korte mellom rom både med laser og sivile bilar, seier områdeleiar i Utrykningspolitiet (UP) Malvin Kvamme.

Han varslar at dei vegfarande kan rekna med å møta UP på same staden med korte mellomrom også i tida framover.

Sju forenkla forelegg

Då kontrollen onsdag blei avslutta klokka 22.00, hadde UP-folka avslørt sju førarar som køyrde for fort. Alle desse blei ilagde gebyr. Farten på 115 km/t var ikkje berre den høgaste farten som blei målt denne kvelden, men også i løpet av alle dei tre kontrollane den siste veka.

– Alle som blir stoppa, blir også kontrollerte for promille og nokre gonger også for andre rusmidlar. Ingen er blitt tatt for ruskøyring under dei tre siste kontrollane på Fjon, seier Kvamme.

I ei stressa førjulstid kjem han med ei generell oppmoding om til alle som ferdast i trafikken om å visa ekstra varsemd. Er du i tvil om promillenivået, er UP-områdeleiaren sitt råd å la bilen stå.

Får mange tips

I tillegg til dei tre kontrollane på E39 ved Fjon har UP også hatt ein kontroll på Ålfjordvegen den siste veka.

– Oppdraget vårt går ut på å bruka minst halvparten av arbeidstida vår på hovudferdselsårene. I tillegg prøver me å få tid til stikkprøvekontrollar på mindre vegar. Me er jamleg på Fv. 47 mellom Haukås og Haugesund. På mindre fylkesvegar blir det meir sporadiske kontrollar, ofte etter tips om høg fart. Me får mange slike tips, men klarar diverre ikkje å nå over alle, seier Kvamme.

Powered by Labrador CMS