nyhende
340.000 har diabetes – talet har dobla seg på 20 år
Stadig fleire av oss får diabetes type 2 både her i landet og internasjonalt. Årsaka er ofte overvekt, som igjen kjem av usunne matvanar og stillesitjing.
Britt Inger Skaanes er generalsekretær i Diabetesforbundet, ein frivillig organisasjon med 15 fylkeslag og rundt 100 lokalforeiningar rundt om i det langstrekte landet vårt. Ho minner om at det er diabetes-pasientar i kvar einaste kommune.
Ho meiner norske styresmakter kan gjere meir for å leggje til rette for at nordmenn kan få sunnare levevanar.
– Statistikken viser at 70 prosent av alle nordmenn er overvektige. Diabetes 2 har dobla seg dei siste 20 åra, og dette kan vi ikkje sitje stille og sjå på. Eit enkelt grep er å leggje avgifter på usunn mat og drikke, og å gjere sunn mat billegare, seier Skaanes til NPK.
Det hastar
Ho meiner det hastar med å innføre sunne måltid i skulen, og at barna får opplæring i sunne levevanar.
– Stortinget har vedteke forbod mot reklame for usunn mat og drikke mot barn, men eg kan ikkje sjå at det har skjedd noko. Det er framleis mykje reklame for usunn mat. Gøyale bilete og fargerike logoar gjer at barn blir freista. Og usunn mat er framleis svært lett å finne i butikkane, legg generalsekretæren til.
10 prosent av dei som har diabetes har type 1. Det er ei medisinsk diagnose som ofte kjem i ung alder, og som ein ikkje sikkert kjenner årsaka til. Men sjukdomen er ikkje knytt til levevanar. Resten, altså rundt 300.000 menneske, har diabetes type 2.
Når det gjeld diabetes type 1, så er det ein vanlegare sjukdom i Noreg enn i land det er naturleg å samanlikne seg med. Det er ingen som har funne ut kvifor det er slik
Ozempic-mangelen
– Eitt problem for oss er mangelen på Ozempic, som vart utvikla som ein medisin mot diabetes type 2. Dette er ein medisin norske pasientar kan få på blå resept. Som ein biverknad er han også slankande. Det har ført til at folk verda over i dag brukar Ozempic som slankemedisin. Det har ført til stor mangel på denne medisinen. Det betyr også at mange diabetes-pasientar, som treng Ozempic, ikkje får medisinen, seier ho.
Skaanes fortel at det er andre medisinar på marknaden som har same slankande verknaden som Ozempic, men at desse er for dyre. Så det er viktig at desse medisinane også blir tilgjengelege på blå resept for dei som treng gå ned i vekt, legg generalsekretæren til.
Kan leva eit godt liv
I dag kan dei fleste diabetes-pasientar leve eit godt liv. Det finst teknisk utstyr som sensorar og gode insulinpumper. Det gjer at det er lett å følgje med på blodsukkeret og såleis halde det på rette nivået. Dette er utstyr dei med type 1 i all hovudsak kan få.
Når det gjeld personar med diabetes 2 går det føre seg ei metodevurdering som skal avgjere om dei skal få tilgang til sensor. Diabetesforbundet jobbar for at dei med type 2, og som har eit vanskeleg regulert blodsukker, skal på tilgang til utstyret.
Ho åtvarar likevel om at dei med dårleg regulert diabetes kan bli alvorleg sjuke, slik at synet, føtene og nyrene blir angripne
Mange amputasjonar
Eit problem for diabetes-pasientar har vore lite kjent. Kvart år må rundt 500 i denne gruppa amputere. Det kan vere ei tå eller andre delar av eit bein, og årsaka er dårleg blodsirkulasjon. Tilsynelatande små sår vil ikkje gro, og når ikkje dette blir følgt opp, så kan det føre til infeksjonar som igjen krev amputasjon.
– Alle med diabetes skal til kontroll av beina minst ein gong i året, men det skjer ikkje med alle. Derfor vil vi løfte fram fotterapeutane. Vi meiner dei privatpraktiserande bør inn i den offentlege refusjonsordninga. Dei gjer ein viktig jobb for diabetes-pasientane, og dei kan også avlaste legane, meiner Britt Inger Skaanes.
Kan bli for dyrt for mange
Utan refusjon frå det offentlege blir fotbehandling for dyrt for mange. Alle bør ha ein sjekk av føtene minst ein gong i året, og risikopasientar bør ha fleire behandlingar i løpet av eit år, legg ho til.
Ho fryktar mangel på helsepersonell i framtida. I dag er det mangel på fastlegar, og det blir stadig færre legar som spesialiserer seg innanfor endokrinologi, som handlar om hormonsjukdomar som diabetes. Det er særleg mangel på slike spesialistar i Nord-Noreg og på Vestlandet.
– Eg trur ikkje dette blir betre. Då er det viktig at diabetessjukepleiarar og fotterapeutar kan gjere meir av jobben. Dei er ein viktig ressurs for diabetes-pasientar, seier ho.
Vaktbikkje-funksjon
Generalsekretæren karakteriserer Diabetesforbundet som ei vaktbikkje overfor styresmaktene. Derfor går mykje av tida hennar til møte med politikarar på Stortinget.
– Vi masar om fortgang i metodevurdering av type 2 blant anna. Og vi har også lagt fram for dei styrande kor viktig vi meiner fotterapeutane er i pasientbehandlinga. I løpet av mai skal vi ha eit møte på Stortinget saman med fotterapeutane, forklarar ho
Britt Inger Skaanes fortel at ho opplever det som frustrerande at dei har mista mykje offentlege støtte dei siste åra.
– Tidlegare fekk vi øyremerkte pengar over statsbudsjettet, men no må vi i mykje større grad søkje om pengar frå år ti år. Og tilskota har gått ned. Det er synd, for det vi kostar det offentlege er lite i forhold til det samfunnet får igjen. Eg trur ikkje er ein klok måte å spare pengar på å redusere støtta til dei frivillige helseorganisasjonane, avsluttar generalsekretæren i Diabetesforbundet.