nyhende

Det blir tre nye bomstasjonane rundt Bergen når det nye vegprosjektet opnar. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Det blir tre nye bomstasjonane rundt Bergen når det nye vegprosjektet opnar.

31. oktober blir det dyrare å køyre frå Sveio til Bergen

Publisert Sist oppdatert
NPK: Når vegprosjektet Svegatjørn-Rådal opnar 31. oktober, opnar også tre nye bomstasjonar. Det vil koste 55 kroner kvar veg å køyre frå Os til Bergen.

Dei tre bomstasjonane er plasserte på nye E39 i Endelausmarka, på Bahus på gamle E39 mellom Nesttun og Os og på fylkesveg 153 i Nordvik, skriv Bergens Tidende.

Prisen blir den same, 55 kroner for personbilar, 110 kroner for store bilar og 22 kroner for vanlege elbilar. Store nullutsleppsbilar (lastebilar) køyrer gratis.

– Det vil bli kravd inn bompengar begge vegar, seier kommunikasjonssjef Marit Husa i Ferde til avisa.

Køyretida mellom Os og Bergen blir redusert med om lag 17 minutt når det store vegprosjektet på 17,7 kilometer opnar. Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård skal stå for den offisielle opninga.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS