nyhende

Straumrekninga etter kuldeperioden:

Over heile landet var straumprisane faktisk lågere i januar enn i desember, men høgare forbruk trekte likevel opp totalrekninga i store delar av landet.
Over heile landet var straumprisane faktisk lågere i januar enn i desember, men høgare forbruk trekte likevel opp totalrekninga i store delar av landet.

3.000 kroner i snitt for Sveio sitt prisområde

Delar av januar var iskald, noko som gir utslag på straumrekninga. Den enda på mellom 2.220 og 3.000 kroner i snitt i dei ulike prisområda, ifølgje Fornybar Norge.

– I desse dagar vil hushald i Sør-Noreg med eit gjennomsnittleg forbruk av straum få straumrekningar for januar som er opptil 9 prosent høgare enn den dei fekk for desember. Auken kjem av sprengkulda i første halvdel av januar, som gjorde at folk brukte meir straum til oppvarming, seier nestleiar Bård Standal i Fornybar Norge.

Sveio høyrer til i prisområde NO2, og det er dette området som har størst auke i staumrekninga samanlika med januar i fjor.

Straumrekninga i snitt

Fornybar Norges straumprisindeks viser at hushalda hadde følgjande straumrekningar i snitt i dei ulike prisområda som straummarknaden er delt inn i (endring frå desember i parentes).

  • Austlandet (NO1): 3.027 kroner (+ 6 prosent)
  • Sørlandet og Sørvestlandet (NO2): 2.997 kroner (+ 9 prosent)
  • Nordre del av Vestlandet og Midt-Noreg (NO3): 2.511 kroner (- 7 prosent)
  • Nord-Noreg (NO4): 2.173 kroner (- 9 prosent)
  • Midtre del av Vestlandet (NO5): 2.824 kroner (+ 1 prosent)

Høgare enn januar i fjor

I alle delane av landet vart straumrekninga i januar høgare enn same månad i fjor, ifølgje indeksen. Prisindeksen bereknar den faktiske straumrekninga, inkludert straumstøtte, nettleige og avgifter. Den tek også høgd for ulikt snittforbruk i dei ulike delane av landet.

I januar kosta straumen i dei tre sørnorske prisområda mellom 86–92 øre/kWh, medan i nordre del av Vestlandet og Midt-Noreg (NO3) var spotprisen 64 øre/kWh og i Nord-Noreg 45 øre/kWh, viser tal frå kraftbørsen Nord Pool.

Lågare prisar, høgare forbruk

– Over heile landet var straumprisane faktisk lågare i januar enn i desember, hovudsakleg grunna høgare vindkraftproduksjon. Det var Nord-Noreg og Midt-Noreg som fekk den største prisnedgangen, og i desse landsdelane førte dei svakare straumprisane til lågare straumrekningar, seier Standal.

På grunn av kulda auka forbruket, og dermed enda straumrekninga i resten av landet i snitt høgare enn i desember.

Januar fekk ein svært kald start, særleg i Sør-Noreg. Det var mildare vêr i andre halvdelen av januar, men likevel enda gjennomsnittstemperaturen for Noreg for heile månaden på 2,2 grader under normalen, skriv Fornybar Norge.

Powered by Labrador CMS