nyhende

KulturfyrvoktarRyvarden
— All ære til politikarane som så mogelegheitar på Ryvarden, seier kulturfyrvoktar Gunn Bente Håvardsholm.

30 år med kultur på Ryvarden

Det har gått 30 år sidan den første kunstutstillinga opna på Ryvarden. Kulturfyrvoktar Gunn Bente Håvardsholm håpar på mange nye år med kulturformidling i havgapet.

Publisert Sist oppdatert

I år er det 30 år sidan den første biletutstillinga vart opna på Ryvarden Kulturfyr. Åtte år tidlegare, i 1984, blei kystverket sitt blinkande fyr automatisert, og dei siste fyrvaktarane forlét Ryvarden.

Snart melde spørsmålet om kva staden burde brukast til vidare seg. Ordførar Magnus Skåden og biletkunstnar Olaf Storø meinte lokalet var ypparleg som ein kombinasjon av både galleri og kunstnarbustad.

— Dei fekk med seg kommunestyret, og stor ære til politikarane den gongen, som såg mogelegheita for kva Ryvarden kunne bli, seier Gunn Bente Håvardsholm.

I galleributikken finn du både keramikk og bilder.

Ho ber tittelen kulturfyrvoktar. Til erstatning for formuleringa «dagleg leiar», som er rolla ho formelt har.

— Kulturfyrvoktar syntest eg var ein flott og passande tittel. Eg føreslo den under lokale lønnsforhandlingar for fleire år sidan. Det gjekk gjennom, og eg var så glad at eg trur eg gløymde å krevje meir løn, ler ho.

Stillinga hennar er 80 prosent, og den inneber at ho tek seg av dagleg leiing av kulturfyret. Det inkluderer administrasjon av både galleri, kafé, selskapslokale og utleige av fyrmeisterbustaden.

Stillinga fekk ho i 1999 etter at kulturkonsulent Torill Borge Horneland hadde hatt ansvar for kulturfyret frå opninga.

— Å jobbe på ein plass som dette blir jo ein livsstil. Eg har vore her så lenge at eg kjenner meg like mykje heime her på Ryvarden som eg gjer heime i mi eiga stove, smilar Håvardsholm.

40.000 besøkande

I drifta, som sidan 2007 har vore organisert som eit kommunalt føretak, har ho med seg 11 tilsette i ulike stillingsprosentar. Dei fleste bidreg i hovudsak når gallerikafeen er open, når dei serverer kaffi og vaflar til cruisegjestar og til å leggje til rette for alt frå verksemder som leiger staden for mini-seminar, til bryllaup, konfirmasjonar og konsertar.

— Og som i alle bedrifter har vi nøkkelpersonar blant dei tilsette også på Ryvarden. Til både kunst, mat og planlegging, legg ho til.

Sjølve fyret er framleis i teneste for Kystverket, men automatisert for mange tiår sidan.

Årleg er det rundt 40.000 menneskje på Ryvarden. Mange av desse er familiar som gjerne tek alle generasjonar ut på rusletur langs den litt over to kilometer lange grusvegen frå parkeringsplassen i Mølstrevåg og ut til fyret. Og Ryvarden er i stadig utvikling. Dei største endringane er knytt til sjølva drifta. For bygningane er i stor grad slik dei alltid har vore, med unnatak av heisen som var montert for nokre få år sidan.

Etter at Sveio kommune inngjekk avtale med Kystverket i 1992 vart innvendige veggar i fyrbetjentbustaden riven, for å få betre plass til kunsten som skulle stillast ut. Seinare vart det som var eit lite kjøkken utvida til å bli storhushaldkjøkken, noko som ga ny inntektsmogelegheiter knytt til utleige av lokala.

Fekk ikkje champagne

Kulturfyrvoktar Håvardsholm fortel at ho både er opptatt av at dei som stiller ut kunsten sin på Ryvarden i utgangspunktet skal vere profesjonelle kunstnarar, slik prinsippet har vore heilt frå opninga i 1992. Samstundes meiner ho Ryvarden skal opplevast som folkeleg.
Gjennom eit langt arbeidsliv på Ryvarden har ho møtt mange kunstnarar. Og ikkje alle er like. Som ein kuriositet nemner ho den første kunstnaren ho skulle ha ansvar for etter at ho tok over jobben som Ryvarden-sjef. Kunstnaren som skulle ha utstilling kom reisande til fyret, men den første morgonen etter hennar første natt i fyrmeisterbustaden var ho ikkje nøgd.

— Ho var rett og slett fornærma på meg. Fordi eg ikkje sto klar med eit glas champagne til frukosten hennar. Der og då byrja eg å lure på kva eg hadde gitt meg ut på. Heldigvis har det gjennom resten av mi tid her vist seg at ho var unntaket, for sidan har eg ikkje opplevd liknande, ler ho.

Biletkunstnar Sigurd Søreide stiller ut på Ryvarden i haust. Her under monteringa av utstillinga.

Då Vestavind var innom nyleg var biletkunstnaren Sigurd Søreide frå Stord i gong med å montere si salsutstilling. Det er første gong hans verk, olje- og akrylbilde med motiver som er djupt inspirert av naturen langs kysten på Vestlandet, skal henge på Galleri Ryvarden.

— Eg blir heilt sett ut når eg kjem til Ryvarden. Det er noko med plassen og den fine turvegen ut hit som gjer at eg får ei dragkraft mot havet, og kanskje englane, eg veit ikkje heilt, seier han.

Han trekk fram kreftene som har slipa ned det særprega berg-landskapet i området.

— Det set tankane mine i sving, seier han.

Landskap med berg, fjell og lyng, akkurat som Ryvarden har flust av, går også att i bileta som skal henge i galleriet i haust.

Kunstnar Sigurd Søreide og kulturfyrvoktar Gunn Bente Håvardsholm trivs begge på Ryvarden.

Det er ikkje berre biletkunsten kulturfyret viser veg til. I galleributikken kan ein sjå og handle keramikk, og innimellom er det konsertar. I november står mellom anna ein ny fullmånekveld med Christina Bjordal på programmet.

— Beundringsverdig

Tidlegare i år tok Sveio kommunestyre stilling til om drifta skulle halde fram i regi av eit kommunalt føretak, eller setjast ut til andre kommersielle aktørar. Det kunna ha kosta jobbane til kulturfyrvoktaren og dei andre 11 tilsette.

— Saka gjorde meg ikkje så veldig uroleg for min egen del. Eg er naturlegvis glad i plassen. Men den er ikkje min, den er Sveio sin, og det er eigarane som bestemmer, slår ho fast.

Ifølgje vedtaket i kommunestyret skal ein framover søkje å finne ei drift som sikrar ein økonomi som ikkje lenger treng kommunal støtte til drift, slik føretaket har hatt. I år er det sett av 440.000 kroner i Sveio-budsjettet til driftsstøtte. I tillegg har kommunen ansvar for vedlikehald av bygningane på staden.

Både kunstnarar og andre trekkast ofte mot lyset på Ryvarden.

Ho synast at det er beundringsverdig at ein kommune driv ein plass som dette, då ei slik drift ikkje er blant dei lovpålagte oppgåvene.

— Men eg trur likevel det er smart av Sveio å sjølv halde drifta. Ryvarden Kulturfyr er med på å sette både Sveio kommune og heile Haugalandet på kartet, seier ho.

Håvardsholm har hatt det så travelt at dei ikkje eingong hadde tenkt på at dei hadde 30-årsjubileum i år før Vestavind minne dei på det.

— Men me skal få til ei markering i haust, seier ho.

Powered by Labrador CMS