nyhende
2,8 millionar hadde levert skattemeldinga måndag – tysdag er siste frist
Eit drygt døgn før fristen for å levere skattemeldinga går ut hadde over 2 millionar skattytarar framleis ikkje levert årets skatteoppgjer.
Av årets meir enn 5 millionar skattemeldingar som er sende ut, er berre ein av ti sende på papir. Den digitale overgangen Skatteetaten har vore gjennom dei siste åra, har vore kraftig.
Det er skatteoppgjeret for lønnsmottakarar, pensjonistar og enkeltpersonføretak som har frist for levering ved midnatt til 1. mai.
Mange leverer dei siste dagane
Litt over eit døgn før fristen til å levere går ut hadde 2,8 millionar levert årets oppgjer digitalt. Det er 200.000 fleire enn på fredag ettermiddag.
– Oppdaterte tal per klokka 12.00 måndag er at 2,8 millionar har levert skattemeldinga si digitalt på skatteetaten.no. Vi såg, som venta, ein auke i helga og forventar også at mange leverer dei siste to dagane, opplyser divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten til NTB.
20 milliardar
Talet som er levert på papir, hadde ikkje Skatteetaten oversikt over.
– Med tanke på postgang og liknande vil det også vere eit tal som er usikkert. I fjor vart det levert litt i overkant av 30.000 skattemeldingar på papir, seier Gjengedal.
Over 1,6 millionar har allereie fått skatteoppgjeret sitt, og det er allereie utbetalt over 20 milliardar kroner tilbake til skattytarar som hadde betalt for mykje.
Gløymt noko? Lever på nytt!
For dei som ikkje sender inn skattemeldinga, reknar Skatteetaten den ferdigutfylte versjonen som folk er tilsende, som den gyldige versjonen.
– Då må du vere klar over at du tidlegast kan få skatteoppgjeret og eventuelle pengar til gode utbetalt i slutten av juni, uttalte skattedirektør Nina Schanke Funnemark før helga.
– Viss du oppdagar at du har gløymt noko eller du får nye opplysningar, logg deg inn på skatteetaten.no, gjer endringane og lever skattemeldinga på nytt – det kan du gjere når som helst opp til tre år etter leveringsfristen. Då vil du få eit nytt skatteoppgjer basert på dei nye opplysningane, utdjupar divisjonsdirektør seier Gjengedal.