nyhende

Valenheimen er eit av dei viktigaste kulturminnene i Sveio, men også familiehytte for familien Sølvi Vinnes og Fartein Valen-Sendstad.
Valenheimen er eit av dei viktigaste kulturminnene i Sveio.Arkivfoto

250.000 til Fartein Valen-festivalen

Kulturrådet gir 170 millionar kroner til 165 musikkfestivalar over heile landet. Fartein Valen-festivalen i Sveio og Haugesund er ein av desse.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: Kulturrådet opplyser at fordelinga vart gjort på sist rådsmøte.

– At vi held oppe tilskota frå ordninga, uavhengig av kva arrangørane har kunna gjennomføre, håper vi kan bidra til at festivalfeltet kjem seg gjennom den unntakstilstanden vi er inne i, seier Jan Ole Otnæs, som leier Kulturrådets musikkutval for arrangør- og festivalstøtte.

– At ordninga er gitt ei ekstraløyving på 10 millionar kroner for 2022, bidreg òg til at andelen søknader som blir prioriterte har auka.

129 festivalar har fått auka tilskot for 2022. Blant desse er Kongsberg Jazzfestival, Oslo World, Vossa Jazz, Trondheim Jazzfestival, Midgardsblot Metal Festival, Nordland Musikkfestveke og Risør kammermusikkfest.

Det er elleve nye festivalar inne på ordninga for 2022. Der er Høydenfestivalen i Vestland, KafeSynk barn i Oslo, Den forvitnelege countryfestivalen i Vestland, Inn:Pust i Innlandet, God Nok-festivalen i Nordland, HEIM festival i Trøndelag, Halvøya i Agder, Aparte i Vestfold og Telemark, Nesodden jazzfestival i Viken, Tonehimmel i Møre og Romsdal og Ose kammerspel i Vestland.

– Vi har, som tidlegare år, vore opptekne av å prioritere festivalar som rettar seg mot barn og unge, og festivalar som presenterer minoritetars kunst og kultur, seier Otnæs.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS