Andelen 15-åringar som konfirmerte seg i kyrkja i 2023 var på 47,8 prosent. Det er 2 prosentpoeng mindre enn året før.FOTO: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
25.000 færre medlemmer i Den norske kyrkja
Den norske kyrkja hadde i 2023 nesten 25.000 færre medlemmer enn året før. Talet på døypte, konfirmerte og gravlagde i Kyrkja fall òg.
NPK-NTB NPK-NTB
PublisertSist oppdatert
Til saman var det 3.472.195 medlemmer i Den norske kyrkja i 2023, ein nedgang på 1,1 prosentpoeng til 62,6 prosent av befolkninga.
50,4 prosent av nyfødde barn vart døypte i fjor. Det er 4,9 prosentpoeng mindre enn i 2022.
Av 15-åringane i landet var det 47,8 prosent som konfirmerte seg i Den norske kyrkja. Det er 2 prosentpoeng mindre enn året før.
Kyrkjelege gravferder sokk med 1,7 prosent til 81,5 prosent.
I sum synest hovudtala til Den norske kyrkja å ha stabilisert seg på eit lågare nivå enn før pandemien, skriv Vårt Land. Talet på bryllaup i kyrkja har likevel gått opp til nivået før pandemien. 6326 par gifta seg i 2023, noko som er 112 fleire enn i 2019.