nyhende

Syklinga var både lang og smertefull, likevel er Allan Hovda fast bestemt på å gjera eit nytt forsøk. Denne gongen er det verdrekorden han strekkjer seg etter, noko han er temmeleg sikker på å klara.
Syklinga var både lang og smertefull, likevel er Allan Hovda fast bestemt på å gjera eit nytt forsøk. Denne gongen er det verdrekorden han strekkjer seg etter, noko han er temmeleg sikker på å klara.

24-timars syklinga gav meirsmak

Trass mørbanka kropp etter eitt døger på sykkelsetet, er triatleten Allan Hovda ein glad og letta mann. I forsøket som gjekk ut på å sykla lengst mogleg på 24 timar, var han trygg på å setja norsk rekord, men at han nesten skulle slå den offisielle verdsrekorden overraska han stort. No er han tent på å gjera eit nytt forsøk.

Publisert Sist oppdatert

Sveibuen Allan Hovda sykla 885 kilometer på 24 timar. Det er 11 kilometer unna den uoffisielle verdsrekorden som er på 915 kilometer. Syklinga fann stad i Horten i tidsrommet 19.-20. juli.

– Det var ein uttruleg god følelse å koma i mål, litt vanskeleg å beskriva, men ein kombinasjon av glede og lette var det nok, fortel Hovda.

Han er kjent for å vera ein hardhaus, men eit fall heilt i starten gjorde sykkelrittet ekstra krevjande.

– Det var spesielt hardt dei siste fem kilometrane, dét var som forventa. Men det at eg fall på sykkelen og slo meg ekstremt i høgre skulder etter berre ein time, gjorde at heile løpet blei svært anstrengande, fortel Hovda.

Det var ein særs trøytt syklist som måtte leggja seg rett ut på bakken etter rittet.

Flata ut

Hovda var heilt utslått då NRK-Vestland ville ha eit intervju med han like etter målgang. Det blei eit svært uvanleg intervju.

– Eg måtte berre legga meg rett ned på bakken, ikkje fordi eg var dårleg, men fordi eg var så uttruleg trøytt. Det var heilt spesielt, fortel Hovda.

Heia fram av familien

Rekordforsøket blei gjort med god hjelp av familiemedlemmer som kombinerte stuntet med ferie på ei øy i Sandefjord-området.

– Foreldra mine følgde meg gjennom løpet, og bestemor (Konstanse Hovda, journ. anm.) var oppe heile natta og følgde med på rundeteljarane på nettet, basert på Gps-måling, fortel triatlonen.

Heile strekket var på 10 kilometer, og det blei sykla fram og tilbake. Før sveibuen endeleg var i mål hadde han vore gjennom ufatteleg mange rundkøyringar – 85 til saman. Det var også trafikk i området.

– Var rekordforsøket planlagt i lang tid?

– Nei, og eg var dårleg førebudd. Dessutan var eg uheldig med vêret, det var regn og lågtrykk, pluss at eg hadde dette stygget fallet. Det var mange ting som ikkje var optimalt, men det gjer også sitt til at eg er sikker på at eg kan slå verdsrekorden.

Nytt forsøk i august?

Men ein ting er klart; neste forsøk skal organiserast på ein meir proff måte. Det står om ein verdsrekord, og for at det skal bli ein offisiell rekord må alt gjerast presist, blant anna må det vera to delegater til å kontrollera.

I jakten på potensielle sykkelløyper har Hovda eit ønskjemål, ein flyplass – og den må sjølvsagt vera stengt.

– Rygge er jo nedlagt, så ein veit aldri, ler triatleten Allan Hovda som håpar å gjera eit nytt forsøk alt i august.

Det var HA som først omtalte saka.

Syklinga var både lang og smertefull, likevel er Hovda fast bestemt på å gjera eit nytt forsøk. Denne gongen er det verdrekorden han strekkjer seg etter, noko han er temmeleg sikker på å klara.

Powered by Labrador CMS