– I tillegg til å forbetre vannkvaliteten og livsgrunnlaget til dyr og planter som lever i vatnet, skal fleire av tiltaka redusere lokal flaumfare, fortel direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet, her under eit arrangement i 2020.FOTO: NPK
NPK-NTB: Miljødirektoratet gir 24 millionar kroner fordelt på 77 prosjekt i heile Noreg for å gjere livet til fisk og anna liv i elevar, innsjøar og kystvatn, betre.
Ein av fire elvar og innsjøar i Noreg har ikkje god nok miljøtilstand. Miljødirektoratet gir støtte både til prosjekt som betrar vasskvalitet og til tryggingstiltak.
– I tillegg til å forbetre vasskvaliteten og livsgrunnlaget til dyr og plantar som lever i vatnet, skal fleire av tiltaka redusere lokal flaumfare. Det er ei viktig tilpassing til eit klima i endring, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Det blir mellom anna gitt støtte til undersøkingar som skal avdekkje miljøutfordringar i vassførekomstar, og til informasjonsarbeid ut mot befolkninga om korleis den enkelte kan bidra positivt.
I tillegg blir det gitt støtte til å organisere samarbeid om vassforbetrande tiltak mellom ulike aktørar.