Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
Jofrid Valen (48), Valevåg
– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Eg håpar å få boka om Karen Kyllesø som gjekk aleine til Sydpolen.
– Kva er favorittjulematen din?
– Det er pinnekjøtt.
– Kva gleder du deg mest til i 2026?
– Eg gler meg til eg skal fortsette arbeidet med restaurering av det gamle huset på garden.
Tatsiana Kozel (29), Valevåg
– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Eg feirar eigentleg ikkje jul i desember, sidan eg er ortodoks. Men eg feirar ho likevel i desember òg, fordi eg har familie i Noreg som feirar då. Eg håpar å få sjokolade med havsalt og eit slikt juletrespyd til toppen av juletreet.
– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Pinnekjøt. Eg likte det ikkje då eg smakte det første gongen, men sidan gong nummer to har eg elska det.
– Kva gleder du deg mest til i 2026?
– Eg gler meg mest til at systera mi kjem for å besøke meg i Noreg. Det er lenge sidan ho har vore her.
Trude-Christina Halvorsen (36), Førde
– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Eg håpar eg får ein PlayStation 5. Det er jo lov å håpa.
– Kva er favourittjulematen din?
– Salt pinnekjøt, og alt tilbehøyret.
– Kva gleder du deg mest til i 2026?
– Eg gler meg til å konfirmera mitt første kull i Førde, Eikeland og Valestrand kyrkjer. Det blir stas.