Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Dagens jule-enquete:
23. desember
I dagane framover vil sveibuane fortelja om juleønske, julemat og kva dei gler seg mest til i 2026.
Isak Vihovde Vestvik (15), Sveioåsen
– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Eg ønskjer meg ein jakke. Helst ein Tommy Hilfiger-jakke, og den eg har sett for meg er svart.
– Kva er favorittjulematen din?
– Favoritten min er pinnekjøtt.
– Kva gleder du deg mest til i 2026?
– Eg gler meg til sommaren og å dra på stranda, saman med kompisen min Nicholas.
Emilie Økland (26), Auklandshamn
– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Det er vanskeleg å seie, men eg set stor pris på gåver som gir ei oppleving, som ei reise eller ein middag på restaurant.
– Kva er favourittjulematen din?
– Det er soleklart pinnekjøt, sjølvsagt med kålrotstappe som tilbehøyr. Og så et vi Dronning Maud til dessert.
– Kva gleder du deg mest til i 2026?
– Det eg gler meg mest til personleg, er at vi skal få eit nytt barn i familien. Og så gler eg meg til å sjå korleis det går med butikken, Loppeliten. Det er jo dette eg legg ned mykje arbeid i.