nyhende
220.000 kroner og 380 sekkar
SOS Ukraina avslutta den 30. innsamlinga til Ukraina med basar. Vel 120 kom for å sikra seg ein eller fleire av dei over 300 gevinstane.
Resultatet i kroner blei 220.000. Det er det nest høgaste resultet sidan baseren begynte å avslutta innsamlingshelga i 2012.
Gøy på basar
– Me er veldig nøgde med resultatet. Det var stappfullt i lokalet til Pinsekyrkja Filadelfia. Vel 120 frå Auklandshamn, resten av Sveio og andre stadar på Haugalandet. Det skal vera gøy å vera på basar, og det er det når ein har over 300 flotte gevinstar, seier basargeneral Sveinung A. Andersen.
Det var med andre ord nesten tre gevinstar i snitt per frammøtte, og gode mogelegheiter for å vinna.
Andersen var initivativtakar til basaren i si tid, men er rask til å påpeika at det er svært mange som bidrar til innsamlinga.
– Kor mange er uromogeleg å seia. Men det er mange – frå dei som sel lodd til dei som tar imot sekkar med klede, sko og anna naudsynt som blir lasta på vogntoga.
Sekkane er allereie på veg
– Kor mange sekkar kom det inn?
– 380, og dei er allereie på veg til Ukraina saman med det som blei samla inn på Karmøy og i Haugesund same helga, seier Andresen.
Innsamlinga skjer i samarbeid med Open Heart, som sørger for at sekkane blir transporterte og innhaldet delt ut i Ukraina.
Krigen i Ukraina har gjort trongen for hjelp større. Særleg i dei austlegaste provinsene nærast fronten. Pengane som bli samla inn går mellom anna til matutdeling, drift av matstasjonar, medisinsk hjelp og mykje anna.
Her kan du lesa eit lite historisk tilbakeblikk på dei første 29 åra: