nyhende

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 16.728 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 19.638, så trenden er synkande. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 16.728 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 19.638, så trenden er synkande.

22 sveibuar registrert smitta siste døgn

Det siste døgnet har FHI registrert 17.342 koronasmitta i Noreg. Etter omleggingar i testsystemet blir registrert færre tilfelle enn før

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/VESTAVIND: 22 av dei nye registrerte smitta har folkeregistrert adresse i Sveio.
Sidan starten av pandemien er no 690 sveibuar registrert smitta av korona.
Tal frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS) viser at det er registrert 7.106 færre i Noreg enn same dag førre veke.

Den 24. januar 2022 gjorde FHI store endringar i testsystemet, slik at færre koronasmitta blir registrerte i MSIS. På grunn av dette er ikkje tal etter 25. januar samanliknbare med tala før.

Omlegginga inneber at fleire ikkje lenger treng å ta PCR-test etter å ha testa positivt på sjølvtest, og dermed blir smitten heller ikkje registrert hos FHI. Folk blir likevel oppmoda til å registrere positive testar hos kommunen sin.

Over 400 innlagde

FHI bruker no i større grad andre måtar å overvake pandemien på enn smittetal. Hovudgrepet er å følgje med på sjukehusinnleggingar.

Torsdag var 402 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 25 fleire enn dagen før og første gong talet passerte 400.

I Helse Fonna har talet gått merkbart opp dei siste dagane frå 4 for få dagar sidan til 12 i går.

I alt 44 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 21 respiratorbehandling. Det er ni fleire på intensiv og to færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Nedgåande smittetrend

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 16.728 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 19.638, så trenden er fallande.

I alt har 1.103.956 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Til saman er 1.548 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

22. januar 2022 vart det registrert 24.958 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det gamle testsystemet.

Den 9. februar 2022 vart det registrert 26.109 smitta i Noreg, som er høgaste døgntal hittil med det nye testsystemet.

(©NPK)

Lokal smitte

Tal på nye registrerte smitta 17. februar

Sveio: 22

Haugesund: 181

Karmøy: 156

Tysvær: 44

Bokn: 1

Utsira: 0

Vindafjord: 19

Etne: 8

Stord: 67

Bømlo: 50

Kjelde: FHI/VG

Powered by Labrador CMS