nyhende
Avhengig av privat utleige for å få tak i nok flyktningbustader:
22 flyktningar til Sveio så langt i år
– Sveibuar med husvære til utleige har vore flinke å tipsa oss. Det må dei halda fram med å gjera om me skal lukkast med å skaffa nok flyktningbustader, seier konstituert leiar ved NAV Sveio, Gro Styve.
Tilgang på bustader er ein av dei største utfordringane for NAV i samband med busetjing av flyktningar. Så langt i 2024 har Sveio tatt imot og busett 22 flyktningar fordelte på elleve husstandar. Dei to siste husstandane er eller blir busette denne veka.
Ja til 35 flyktningar
Kommunestyret sa i desember i fjor ja til å ta imot 35 flyktningar, pluss eventuelle familiegjenforeiningar i tillegg, i 2024. Dermed er flyktningtenesta budd på at dei må skaffa bustader til ytterlegare 13 personar før årsskiftet.
– Me veit enno ikkje kven desse personane er, om dei er einslege eller familiar. Difor veit me enno ikkje kva type bustader me vil ha bruk for, forklarar Styve vidare.
Det er i hovudsak på den private marknaden flyktningtenesta til NAV har funne bustader så langt, sjølv om nokre kommunale bustader også er tekne i bruk. Og det er særleg i Sveio sentrum og Førde sentrum NAV er interessert i å koma i kontakt med fleire utleigarar. Forklaringa på dette er at flyktningane skal ha kort veg til skule, butikk og offentleg transport.
Utanom sentrumsområda?
– Kan det vera aktuelt å vurdera busetjing også andre stader i kommunen om det ikkje lukkast å skaffa nok bustader sentralt?
– Det kan bli aktuelt, og då særleg langs E39 der busstilbodet er betre enn elles i kommunen. Dei fleste flyktningane har ikkje bil. Unntaket er nokre få ukrainske flyktningar. Det er viktig å kartleggja situasjonen til kvar enkelt flyktning. Dei som har bil, kan lettare busetjast ute i bygdene, seier Styve.
Dei fleste av flyktningane som har kome til Sveio i 2024, er ukrainarar. Tre andre nasjonalitetar er også representerte med mellom tre og fem personar. Då spørsmålet om busetjing av flyktningar sist var oppe til politisk behandling i fjor haust, gjekk Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet i utgangspunktet inn for å berre ta imot flyktningar frå Ukraina. Denne avgrensinga blei ikkje med i kommunestyret sitt endelege vedtak.
Berre ukrainarar?
– Det er vanskeleg for meg å spå kva forslag som kjem i framtida, også om det kan bli aktuelt å ta opp igjen forslaget om å avgrensa oss til berre ein nasjonalitet. Når me får nye førespurnader frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), vil administrasjonen gjera si faglege furdering og koma med si innstilling, seier ordførar André Mundal Haukås (H).
Han konstaterer at fleire andre kommunar har gått ned på talet flyktningar dei kan ta imot, både av omsyn til bustadkapasiteten og kapasiteten innan helse- og omsorgstenesta. På politisk nivå i Sveio har ikkje bygging av fleire kommunale bustader for å dekka flyktningtenesta sitt behov vore tema så langt, seier ordføraren.