nyhende

Dagens jule-enquete:

Jul enquete 2212

22. desember

I dagane framover vil sveibuane fortelja om juleønske, julemat og kva dei gler seg mest til i 2026.

Kåre Bua (74), Buavåg

– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Eg er såpass gammal at det er eg som gjev gåvene, men eg håpar å feire jula saman med familien, slik eg alltid gjer.

– Kva er favorittjulematen din?
– Eks-kona mi likte ribbe, så det har blitt mykje av det opp gjennom åra, men eg er òg glad i pinnekjøt. Til drikke har eg gjerne litt juleakevitt eller ein god, kald, alkoholfri juleøl. Til dessert har det alltid vore riskrem for meg.

– Kva gleder du deg mest til i 2026?
– Kva eg gler meg mest til? Nei, eg håpar berre at helsa står og går, slik ho alltid har gjort.

Nicholas Miljeteig Braadland (15), Rophus

– Kva håpar du å få i julegåve i år?
– Eg ønskjer meg ein Apple TV, fordi PlayStationen min byrjar å bli gammal.

– Kva er favorittjulematen din?
– Ribbe. Til drikke likar eg raud julebrus. Til dessert er det riskrem.

– Kva gleder du deg mest til i 2026?
– Eg gler meg til strandturar og sommar, og til å bli sterkare.

Powered by Labrador CMS