Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Dagens jule-enquete:
21. desember
I dagane framover vil sveibuane fortelja om juleønske, julemat og kva dei gler seg mest til i 2026.
Thilde Christiansen (14), Fjellstad
– Kva håper du å få i julegåve?
– Til jul håper eg å få nye klede, kanskje nye gensarar og sminke.
– Kva er favorittjulematen din?
– Favorittjulematen min er pinnekjøt, og så likar eg å drikke raud julebrus til. Til dessert likar eg å ete Dronning Maud-pudding.
– Kva gler du deg mest til i 2026?
– Eg gler meg til eg skal reise til London på konfirmasjonsleir.
Mathias Fresvig (14), Nygård
– Kva håper du å få i julegåve?
– I år håper eg å få ein ny katt.
– Kva er favorittjulematen din?
– Favorittjulematen min er pinnekjøtt, og eg likar å drikka litt Sprite til. Og så er det alltid godt med is til dessert òg.
– Kva gler du deg mest til i 2026?
– Eg gler meg til sommarferien, slik at eg og kompisane mine kan gå ut i lag heile tida.