nyhende

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen understrekar at samfunnet må riggast endå betre for å tilpasse seg klimaendringane. Her frå ein presentasjon i fjor haust. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen understrekar at samfunnet må riggast endå betre for å tilpasse seg klimaendringane. Her frå ein presentasjon i fjor haust.

2025 er det varmaste året som er målt i Noreg

Aldri før har Meteorologisk institutt registrert eit så varmt år som 2025. Fingeravtrykket til klimaendringane er å sjå i alt vêr, seier direktør Roar Skålin.

Temperatur og nedbør

Temperatur

Alle månadane i 2025 var over normalen i temperatur. Det er første gong Meteorologisk institutt har registrert. Størst endring var det i mars, juli og desember.

  • Januar: 0,2 grader over normalen
  • Februar: 2,1 grader over normalen
  • Mars: 2,6 grader over normalen
  • April: 1,6 grader over normalen
  • Mai: 0,7 grader over normalen
  • Juni: 0,2 grader over normalen
  • Juli: 2,8 grader over normalen
  • August: 0,3 grader over normalen
  • September: 2,2 grader over normalen
  • Oktober: 1,9 grader over normalen
  • November: 0,2 grader over normalen
  • Desember: 3,0 grader over normalen

Nedbør

2025 blei det 8. våtaste året som Meteorologisk institutt har registrert. Mars og april månadane som låg høgast over normalen med høvesvis 40 og 30 prosent.

  • Januar: 10 prosent over normalen
  • Februar: 20 prosent under normalen
  • Mars: 40 prosent over normalen
  • April: 30 prosent over normalen
  • Mai: 10 prosent under normalen
  • Juni: 5 prosent over normalen
  • Juli: 20 prosent under normalen
  • August: 20 prosent over normalen
  • September: 10 prosent over normalen
  • Oktober: 20 prosent over normalen
  • November: 10 prosent over normalen
  • Desember: 25 prosent over normalen

Landstemperaturen enda 1,5 grader over det som er normal temperatur i dagens klima (1991-2020-normalen).

2025 var «ekstremt varm» i det meste av Trøndelag og Nord-Noreg, og hovudsakleg «svært varm» i resten av Sør-Noreg, ifølgje rapporten.

– Alle månader i 2025 var over normalen. Det er første gong vi registrerer det, seier Jostein Mamen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Avvik på 1,8 grader

Regionen Trøndelag registrerte det varmaste året med eit avvik på 1,8 grader over normalen. Den gamle rekorden var 1,5 grader frå 2020.

Regionen Nord-Noreg tangerte det rekordvarme året 2024.

Regionane Austlandet og Vestlandet registrerte det nest varmaste året, berre slått av høvesvis 2020 og 2014. Målingane går tilbake til 1901.

Ved hjelp av ein attribusjonanalyse av årstemperaturen i Noreg har Meteorologisk institutt sett på i kva grad global oppvarming har påverka årsmiddeltemperaturen.

– Hadde vore umogleg

– I 1900 ville årets temperatur vore nærast umogleg å oppnå i store delar av landet, seier forskar Amalie Skålevåg ved Meteorologisk institutt i samband med presentasjonen av klimastatus i Klima- og miljødepartementet onsdag.

Ho legg til at ein ventar at temperaturen vi opplevde i 2025 vil bli vanlegare i framtida.

– Om berre 25 år kan Nord-Noreg ofte oppleve så varme år. I Sør-Noreg kan temperaturane vi hadde i 2025 gå frå sjeldan til vanleg, seier Skålevåg.

Direktør for Meteorologisk institutt, Roar Skålin peika på at ein no kan sjå klimaendringane i enkeltståande vêrhendingar. Han fortalde at ein tidlegare ikkje kunne seie at enkelte vêrhendingar kom av klimaendringane, og at ein berre kunne seie at ein ville få fleire ekstreme vêrhendingar i framtida.

– Men no kan vi seie at vi ser fingeravtrykket til klimaendringane i alt vêr, understreka han under presentasjonen onsdag.

Klimaendringane er her

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) understreka på seminaret onsdag at vi er nøydde til å forhalde oss til klimaendringane her og no.

– Det er ei tydeleg oppvarming i nordområda, det vart registrert den varmaste oktoberen på Svalbard nokosinne i fjor, understreka Eriksen.

Han viste også til mangelen på kvit jul over store delar av Noreg i fjor og at det vil bli stadig vanlegare.

– Klimaendringane blir merka over alt i verda og i vårt eige land, men heldigvis er ikkje alt krise. Vi ser positive effektar av klimapolitikken, utsleppa går raskare ned, og den grøne teknologien aukar, påpeika Eriksen. Han understreka at kvart einaste tonn CO2 som blir redusert, vil ha ein effekt og gjere endringane litt mindre og litt rimelegare.

Han lova at Noreg skal bli endå betre til å tilpasse seg klimaendringane og understreka at klimapolitikken må byggjast på kunnskap.

Han understreka også at eit viktig element er å la naturen stå i staden å byggje ned.

2025 blei det 8. våtaste året registrert

For heile landet samla fall det 10 prosent meir nedbør enn normalt, og 2025 blei det 8. våtaste året i måleserien som starta i 1901.

Det meste av Trøndelag og Nord-Noreg kan klassifiserast som «vått» eller «svært vått», med innslag av nokre «ekstremt våte» områder. Nedbøren i resten av Sør-Norge var hovudsakeleg «normal», men med noen mindre «svært tørre» og «svært våte» område.

De våteste stasjonane var

  • Lurøy (Lurøy, Nordland) 3.801,9 mm (24 prosent meir nedbør enn normalt)
  • Brekke i Sogn (Gulen, Vestland) 3.426,9 mm (2 prosent mindre nedbør enn normalt)
  • Hundseid i Vikedal (Vindafjord, Rogaland) 3.336,7 mm (1 prosent mer nedbør enn normalt)

Gjennomsnittet av største årsnedbør i Noreg i normalperioden 1991–2020, er 3.917 mm.

Powered by Labrador CMS