nyhende

Rådmannen om budsjett og økonomiplan for Sveio kommune:

Jostein Førre, rådmann i Sveio kommune.
Jostein Førre, rådmann i Sveio kommune.

– 2020 har vore krevjande, 2021 vil bli utfordrande

Sveio kommune får mindre å rutta med frå høgare hald, og har i tillegg ein pandemi å halda på avstand. Fokuset framover blir å framleis tilby gode tenester, og halda utgiftene lågare enn nokon gong. Driftsnivået er for høgt. – Me har ikkje råd til det me trur me har råd til, seier rådmann Jostein Førre.

Publisert Sist oppdatert

Det er nokre veker sidan la han fram budsjett for 2021 og økonomiplan for dei fire neste åra til politikarane. Dette pleier rådmannen å gjera kvart år – denne gongen med eit lite atterhald om at nokre småfeil mogleg ikkje var blitt utelukka grunna ein situasjonen som måtte handterast.

Framsida av dokumentet som formannskapet skal gå laus på i kveld.

Prega av pandemi

Han var nemleg i innspurten med det omfattande arbeidet, då Sveio skule fekk eitt tilfelle av korona på skulen, og fokuset måtte endrast. Men slik har året vore, for oss alle. I føreordet skriv han at også 2021 også vil vera svært prega av covid-19, og det har sin pris for kommunane, til trass for ulike krisepakkar.

Lågare skatteinntekter

– Når det private næringslivet slit og mange blir permitterte elle mister jobben, blir skatteinntektene lågare. Dette skjer på same tid som kommunane får nye utgifter knytt til pandemien. Resultatet blir at det økonomiske handlingsrommet blir mindre, fastslår Førre.

Utgifter med pandemien kjem altså på toppen av alt varsla kjipare tider for kommunane. I 2017 sa Regjeringa ifrå om at me som samfunn vil få strammare økonomiske rammer og mindre handlingsrom dei neste åra. Folkeveksta i landet er rekordlågt. Bufferen i budsjettet til Sveio kommune nærmar seg oppbrukt. Rådmannen forklarar:

For høgt driftsnivå

Det fører til at me stadig har aukande risiko for å få negativt rekneskapsresultat. Får me fleire år med negativt resultat, vil me måtta tæra endå meir på disposisjonsfondet, og me blir endå meir sårbare. Ei slik utvikling er ikkje forsvarleg. Driftsnivået er eigentleg for høgt alt i dag. Sagt med andre ord har me ikkje råd til det me trur me har råd til. Det blir derfor viktig å snu denne utviklinga, slik at me får ein sunn økonomi med tilstrekkeleg stor buffer til å tola ekstraordinære utgifter eller reduserte inntekter. Det vil alltid vera krevjande å få ned driftsnivået i kommunen. Alle utgiftspostar har som regel ei god grunngjeving. Difor må me vera ekstra varsame med å leggja inn nye tiltak i budsjettet som bind opp drifta endå meir. Det er og viktig å hugsa at større volum ikkje er det same som betre kvalitet. Effektiv drift med god kostnadskontroll er oftast eit godt utgangspunkt om vi ønskjer å levera tenester av høg kvalitet

(…)

Sveio kommune skal halda fram med å levera gode tenester til sveibuar i alle aldrar. Då må vi vera budde på endring. Vi må finna nye arbeidsmåtar. Vi må setja tæring etter næring. Vi må nytta moderne digitale løysingar, ikkje berre for å bli meir effektive, men for å gje moderne tenester til moderne menneske. Då er vi og ein attraktiv kommune. I eit land og ein region med stadig lågare vekst blir kampen om nye ibuarar stadig hardare. Sveio må vinna den kampen. Då har vi vilje til vekst og er ein god stad å leva.

Hovudtrekk for året som kjem:

  • Omsorgstenester vil oppleva press, som følgje av endring i folkesamansetnaden, som må planleggjast nå. Kommunen vil få ekstern hjelp til gjennomgang av omsorgstenester, i institusjon og heimebasert omsorg
  • I 2021 vil det vera dimensjonert for 33 plassar ved omsorgssenteret
  • Fleire bør bu i eigen bustad lengre – det kan bli aktuelt å etablera nye, tilpassa bustadar
  • Arbeid med ny skulebruksplan er i gong. Eventuell reduksjon av skular og økonomisk innsparing er éin ting, men eit best mogleg pedagogisk tilbod innafor gitte rammer er vel så viktig
  • Kulturavdelinga er pressa på kapasitet i 2021, grunna oppgåver knytt til planlegging av ny idrettshall og nytt badeanlegg
  • I 2021 vil kommunen bruka mykje kapasitet på store planprosessar, spesielt ferdigstilling av sentrumsplanen og kommuneplanen sin arealdel
  • I løpet av året vil ein truleg kunne starta salet av tomter i bustadfeltet Sveioåsen 3. Nye tomter kan vera med og snu utviklinga – og auka folketalet. Det er positivt.

Kjelde: Rådmannen sitt forslag til årsbudsjett for 2021 – drift og investering økonomiplan 2021 – 2024

Powered by Labrador CMS