nyhende
2014: Ville skrenka inn skulevala for Sveio-ungdom
I 2014 var fritt skuleval over fylkesgrensa oppe til behandling blant politikarane i dåverande Hordaland fylke, med forslag om å fortrinnsvis la Sveio-ungdomen gå på vidaregåande skule i heimfylket. Med eit knapt fleirtal vart ordninga som ein kan kjenna igjen i dag berga.
Det viser seg at ein ikkje skal gå så uhorveleg langt tilbake i tid for å sjå at administrasjonen og fylkespolitikarane i heimfylket til Sveio kommune har vore delte om avtalen som tar føre seg kjøp av elevplassar i Rogaland.
Berre ei røyst var avgjerande då politikarane på fylkestinget vidareførte avtalen om kjøp av elevplassar i Rogaland i 2014 slik den er i dag. Det syner eit dokument som har kome Vestavind i hende.
Sju år sidan
Mindretalet, beståande av fylkespolitikarar frå Ap, SV, KrF, Sp og MDG ønskte også å vidareføra avtalen, men berre under føresetnad av at skulane i Sunnhordland ikkje gav same tilbod. Det vil seia at om ein elev ville gått på musikk, dans og drama på Skeisvang i Haugesund, ville ein truleg ikkje fått lov, då dette tilbodet også er på Stord vidaregåande skule.
Dette er sju år sidan og nye politikarar har kome til orde. I tillegg har fylket smelta saman med Sogn og Fjordane og skifta namn til Vestland. Det er andre tider, men noverande politikarar og administrasjon i Vestland fylkeskommune har sagt ovanfor Vestavind, at dette ikkje er, eller har vore eit tema å endra på denne avtalen. Saksdokumentet viser at dette ikkje har heilt samsvar.
– Telefonen gjekk varm
Ruth G. Østebøvik Eriksen (Frp) var ordførar i Sveio i 2014, og hugsar god saka frå fylkestinget, og arbeidet som blei gjort i tida før.
– Telefonen gjekk varm. Det blei ei litt for spennande avstemming til å kunne kjenna seg trygg i lang framtid, men det er den ordninga som fungerer enda, seier Eriksen.
– Det alle må vera klar over, er at det politisk blir gjort vedtak som administrasjonen styrer etter. Å påstå at det er ei administrativ oppgåve utan politisk påverknad, er altså heilt feil, påpeiker varaordføraren.
Ho trur det kan stemma at det ikkje er eit tema i denne perioden.
– Grunnen er, etter det eg har høyrt, er at ein ikkje har kome opp med ein betre modell. Det skal berre eit politisk vedtak til før det endrar seg. Derfor jobbar me i FrP framleis for det beste for våre elevar i vidaregåande skule – fritt skuleval, seier ho.