Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
200 på vindkraftmøte
Eviny måtte takle sterk kritikk i ein nesten full Skjold Arena måndag kveld. Mange fryktar konsekvensane dersom planane deira om å byggje Slettene Vindkraftverk på Måkafjellet blir realiserte.
VINDAFJORD: – Me vil sjå driten heimanfrå. No har me eit tomtefelt me vil byggje ut, men kven vil byggje i Skjold om det kjem vindmøller? spurde Egil Otto Haakull etter møtet.
Saman med kona Liv Stine bur han i Isvik Hageby. Som mange andre på møtet er dei engasjerte i Motvind. Egil Otto synest møtet var greitt, men skuldar Eviny for å vere arrogante og saknar bilete av korleis vindparken kjem til å sjå ut frå bygda. Liv Stine var skuffa over at temaet kom opp igjen, og synest møtet kom brått på.
— Det øydelegg litt av jula. Eg kjem til å protestere til siste stund, sa ho.
Gunstige vindforhold
Bakgrunnen for møtet var at Eviny torsdag sende eit planinitiativ til Vindafjord kommune for å starte prosessen mot mogleg bygging av Slettene Vindkraftverk på Måkafjellet i Skjold. Dei fleste av dei 245 setene i salen blei fylte opp på måndagens møte.
Konserndirektør Arne Andreas Riisnes i Eviny fortalde om selskapet og at dei ser eit aukande behov for energi i Noreg, samtidig med manglande kraftutbygging. Prosjektleiar Mats Jønland gjekk gjennom prosessen og moglegheiter for medverknad, før han tok for seg Slettene Vindkraftverk, vindkraft generelt og relevante samanlikningar.
– På det aktuelle området er det gode vindforhold, nærleik til eksisterande infrastruktur og ingen tap av inngrepsfri natur, sa Jønland, med vising til mellom anna NVE sitt vindkart.
Han understreka at det er nedsider som må kartleggjast i ei konsekvensutgreiing. Han lista opp at om lag fem prosent av planområdet vil bli sterkt endra, og nemnde menneskeleg påverknad som lyd, lys, skugge, endra landskap og stor synlegheit.
Usemje om effekt
Då Eviny trekte plansøknaden sin om det same prosjektet i desember 2024, skuldast det ifølgje prosjektleiaren usikkerheit kring utviklinga i bustadprisar og støy. Sidan har det blitt gjort undersøkingar på begge felta.
Når det gjeld bustadprisar, har dei sett på omsetnaden av bustadar i Tysvær, med 330 bustadomsetnadar sidan vindparken i kommunen blei sett i drift, og i Fitjar, med 1.230 omsetnadar sidan oppstarten av parken der. Resultata viste at det var lite negativ påverknad på prisane samanlikna med tidlegare og utviklinga i regionen rundt.
På spørsmål frå salen understreka han at tala deira ikkje fangar opp når nokon ikkje klarer å få selt bustadane sine i desse områda, og at ulike studiar har gitt ulike resultat i spørsmålet om vindkraft si påverknad på bustadprisar.
– Dersom dette blir realisert, er det uaktuelt å flytte til denne delen av regionen, sa Stavanger-busette Kristin Aadland, som kjem frå Haugesund.
Jønland fortalde at akustikkgruppa til SINTEF har gjort kartlegging av mogleg støy frå eit realisert Slettene Vindkraftverk. Dei kom fram til at ingen bygg innanfor grensa på to kilometer vil få lyd over 45 desibel i gjennomsnittleg årsverdi (LDEN) på husveggen sin. Han måtte tole sterk kritikk frå fleire i salen for skildringane sine av korleis ein merkar ulike nivå av støy og konsekvensane av dette.
– Me stoler ikkje på deg, sa leiar Bjarne Jensen i Motvind Tysvær.
Ser moglegheiter
Fleire aktørar var på talelista denne kvelden. Konsulentselskapet Multiconsult var representert med Hilde Johnsborg og Pia Nic. Petersen. Johnsborg har jobba med vindkraftverk sidan 2016, mellom anna på Fosen. Ho meiner at arbeidet ho har vore med på har bidrege til at myndigheitene set strengare krav.
– Eg er veldig glad i natur, men trur òg på ei natur- og klimakrise, sa Johnsborg.
Sidan turbinar kan takast ned, ser ho dei som midlertidige tiltak. Inngrepa rundt, som vegar, ser ho som permanente. Nye vegar gjer tilkomsten lettare også etter anleggsfasen. Johnsborg og Petersen har laga ein moglegheitsstudie om meirverdi, som Petersen presenterte.
Einingsleiar Thomas Vestbø for areal og forvaltning i Vindafjord kommune og Espen A. Volden i Nasjonalt kompetansesenter for landvind fortalde om prosessen framover og ulike høve til å stoppe han.
Vil ha prinsippvedtak
Sjølv om Eviny var arrangør for møtet, sette Motvind sterkt preg på det allereie i forkant då dei stod i døra med fire ulike plakatar og faklar. I tillegg til lokallaget i Vindafjord, var det Motvind-medlemmer som tok turen frå Nordhordland, Kvinnherad og Tysvær.
– Det er frykteleg viktig å vere her og støtte nabokommunen. Neste gong kan det vere vår tur, sa Annemor Ekeland frå Kvinnherad før møtet.
Nestleiar Åsmund Kalstveit i Motvind Vindafjord heldt eit innlegg. Han viste til dagleg leiar Stian Skarheim Magelssen i Fikse Næringsforening sitt lesarinnlegg i Grannar nyleg, der Magelssen etterlyste bygging av meir kraft. Kalstveit sa at det ikkje er mangel på kraft i Noreg, men eit politisk skapt problem med krafteksport.
Han minna om at han som tidlegare kommunestyrerepresentant og grunneigar på Døldarheia var positiv til bygging av vindkraft, men at han – i likskap med eit fleirtal i nasjonale meiningsmålingar – har snudd til å vere vindkraftmotstandar. Til dagens kommunestyrerepresentantar sende han ein appell om å seie nei til nye utgreiingar og gjere eit prinsippvedtak mot vindkraft.
Ønskjer innspel
Mange av dagens kommunestyrerepresentantar, blant anna ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), var på plass i Skjold Arena. Geir Berge (H) stilte spørsmål om mengda olje i turbinane og fekk som svar frå Jønland at det er mykje.
Skjoldabuen Therese Nesheim (H) synest det var kjekt å sjå så mange på besøk i Skjold, så vel som nokre sambygdingar. Ho håpar at prosessen blir ryddig, og oppmoda skjoldabuar til å ta kontakt. Nesheim poengterte at mange ikkje tør å seie meininga si på eit folkemøte, og spurde om andre arenaer for å stille spørsmål. Eviny viste til at dei har hatt mindre møte andre stader, og understreka at dei ønskjer innspel frå folk i bygda og kommunen.