nyhende

Jule_enquete_20.12_

20. desember

I dagane framover vil sveibuane fortelja om juleønske, julemat og kva dei gler seg mest til i 2025.

Publisert Sist oppdatert

Sveinung Bjelland (33), Apeland

– Kva ønsker du deg til jul?
– Ting som kan brukast, klede og den slags.

– Kva er favorittjulematen din?
– Pinnekjøtt med vanleg tilbehøyr.

– Kva gler du deg mest til i 2025?
– Eg har lyst å få til ein utanlandstur. Gjerna ein kombinert fotball- og shoppingtur.

Lukas (4) og Ida (6) Malmstedt Sylta, Vikse

– Kva ønsker de dykk til jul?
– Eg ønsker meg skytepang, seier Lukas. Ein slik som skyt skumpiler, supplerer Ida. Eg ønsker meg ein hundebamse som du kan teikna på med tusj.

– Kva er favorittjulematen dykkar?
– Juleskinke!

– Kva gler de dykk mest til i 2025?
– Eg gler meg til bursdagen min i juli, seier Ida. Eg gler meg og til bursdagen min, smilar Lukas, den er også i juli!

Powered by Labrador CMS