nyhende
19 koronatilfelle dei siste vekene – spent på tida som kjem
Jamt over er det litt smitte, men ingen store utbrot i Sveio så langt i haust, opplyser kommunalsjef Ingunn Toft.
Sist veke var det fire som fekk påvist smitte. Dei siste tre vekene har det samanlagt vore 19 tilfelle med covid-19 i Sveio, av dei ni barn.
– Det har vore flest vaksne smitta dei siste vekene, og flesteparten har vore vaksinerte, seier Toft, som også kan opplysa om at det har vore snakk om lite alvorleg sjukdom i samband med smittetilfella.
I dag skriv me måndag, og så langt har det kome melding om éin smitta denne veka.
Annonse
– Me er spente på dei neste vekene, då det er mykje smitte i regionen nå, seier Toft.